This is some text inside of a div block.

- Vi har lyst til å vise folk korleis moderne kvalfangst foregår. I dag er kunnskapsnivået veldig varierande, seier Marie Tholvsen Nygård i reiarlaget Nybonia i Midsund.

Saman med ektemannen Arnt Inge Nygård, dottera Ingvild Marlen Nygård, Vilja Blø og Edmund Kunc har dei no lagt ut på promoteringstur for norsk kvalfangst. Turen starta i Midsund og planen er å ende opp i Oslo. Når det blir er ikkje bestemt enno.

- Vi har ingen detaljert seglingsplan, men vi skal gå sørover kysten og med fleire planlagde stopp undervegs, fortel Marie Tholvsen Nygård.

Blant anna skal dei innom både i Tønsberg og Sandefjord som er gamle kvalfangstbyar.

- Tønsberg har ei spesiell betydning for meg, mellom anna fordi bestefaren min hadde bakgrunn frå kvalfangsten der. Vi håpar vi får treffe mange som har lyst til å høyre om prosjektet og den moderne kvalfangsten.

– Vi er så heldige å ha unge folk på dekk som er med oss, både på denne turen, men også i samband med fangsten. Forhåpentlegvis kan dette bidra til å vise eit litt anna bilete av dagens kvalfangst enn det mange tenkjer på med den store kvalfangsten i Sørishavet frå tidlegare tider, seier Nygård.

Sjå videointervju med Marie Tholvsen Nygård under.

Fotoutstilling

Om bord i den gamle kvalskuta Fiskebank I har dei rigga til ei fotoutstilling. Der vil besøkande sjå bilde både frå årets kvalfangst og også frå sild og makrellfiske. Alle bilda er tatt av fotograf Aleksander Nordahl, og er eit viktig element i historiefortellinga.

Utstillinga viser ikkje berre sjølve fangsten, men også menneska som arbeider om bord. Mellom dokumentasjonsbileta er det også meir kunstnariske motiv.

Ho seier det var vanskeleg å plukke ut kva for bilete som skulle få på plass i utstillinga.

- Vi prøvde å lage ei lita reise gjennom det heile – frå bileta av båten og menneska til sjølve produksjonen. Fotografen var veldig flink til å få fram lyset og naturen. Det synest eg blei spesielt fint, seier Nygård.

Frå fotoutstillinga. Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.

Starta for sju år sidan

Nybonia-reiarlaget starta med kvalfangst for rundt sju år sidan. Då var det 16-17 båtar som dreiv kvalfangst. I år var det berre fem som deltok. No ønskar dei å nå breidt ut for å vise at dette er ei berekraftig og viktig næring for Norge.

– Vi ønskar å nå folk flest – i alle leirar og alle kategoriar. Vi vil fortelje historia vår, korleis vi kom inn i kvalfangsten og kvifor vi har valt å satse på dette. Næringa har møtt mange utfordringar, men det er nettopp difor vi meiner det er viktig å synleggjere den moderne kvalfangsten og korleis den foregår.


Håpar på debatt i Oslo

Valet av Oslo som endemål er ikkje tilfeldig valt.

- Der er mykje folk og det er eit stort nedslagsfelt. Er vi heldige får vi møte både politikarar og fagfolk, og kanskje kan vi lage nokre møteplassar der vi kan snakke om framtida for denne næringa, seier Nygård.

Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.
Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.

Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.

Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.

Foto: Susanne Giske/Fiskebåt.
Nyheter
No items found.