This is some text inside of a div block.

Med sine knappe 40 meter lengde, er Stødig utrusta for både snurrevad, reketrål og krabbefangst. Vi ser fram til å ta i bruk båten, seier reiar og dagleg leiar i Asbjørn Selsbane AS, Andreas Hansen.


Båten som er bygd ved Karstensens Skibsværft i Danmark skulle eigentleg vere ferdig i fjor sommar, men det har vore stadige utsettingar. Prislappen er på rundt 200 millionar kroner.

- Vi har nærast budd på verftet i Danmark dei siste ni månadane, men no er vi endeleg klare for å kome i gang, fortel Andreas Hansen, dagleg leiar i Asbjørn Selsbane AS.

Dåp og open båt

Førstkomande laurdag, 13. mai, blir det dåp og open båt frå klokka 11:00 – 14:00. Dette skjer i heimehamna i Eidkjosen på Kvaløya utafor Tromsø.

Både Andreas og sonen Erlend som er styrmann, har sjølv vore med på seglasen frå Danmark til Ålesund. I Ålesund har dei fått om bord ein del utstyr, før turen går vidare nordover til Tromsø og Eidkjosen.

Fv. Erlend og Andreas Hansen (far), gler seg til å ta i bruk nye Stødig. I Ålesund fekk dei om bord det siste utstyret. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Trippeltrål

Etter litt testing av utstyr, går turen nordover til Barentshavet for å fiske reke.

- Vi køyrer på med trippeltrål, akkurat slik som ei store trålarane gjer. Under dekk har vi fabrikk til å ta seg av både reker, krabber og fisk. Alt er sjølvsagt i mindre målestokk her om bord, men vi har tru på at dette vil fungere bra, smiler Hansen.

Båten er også utrusta med tankar for levande lagring av fisk og fryseri.

Sidan dette er ein båt som kombinerer mange forskjellige fiskeri har den ikkje den tradisjonelle trålhekken bak. Dette fordi at båten lett skal kunne skifte mellom tråling, snurrevad og krabbefangst. I tillegg er den tilpassa fangst av raudåte viss det etter kvart blir aktuelt.

Trålposane for rekefiske er på plass om bord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Isplog

Etter at rekessongen er over er planen å starte snurrevadfiske utafor kysten, før det blir krabbefiske til vinteren. Framme på styrbord side heng det ein isplog som kan senkast ned for å halde isen unna.

- Den er fin å ha når vi skal trekke krabbeteiner. Plogen er rett framfor luka der vi skal trekke inn teinene. På den måten unngår vi at isen skapar problem når teinene skal opp, fortel Hansen.

Isplogen framme på styrbord side senkast ned når ein skal trekke teiner i islagt farvatn. Teinene går inn luta som er rett bak Andreas. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Nyheter