Fiskeridirektoratet har vedtatt ein ny handlingsplan mot marin forsøpling for perioden 2026 – 2030.
Planen listar opp tiltak innafor fiskeri, fritidsfiske og akvakultur. Marin forsøpling er eit stort, globalt og samansett problem. Slik forsøpling kan ha store konsekvensar for havmiljøet, økosystem og dyreliv i havet, skriv Fiskeridirektoratet på si nettside.
Forebyggande
– Fiskeridirektoratet har som mål å gjere arbeidet med opprydning på havet overflødig. Dette krev både forebyggande tiltak og konkrete tiltak som reduserer behovet for opprydding. Det kan vere å ta i bruk reiskap og utstyr som er biologisk nedbrytbare, og det kan vere å finne tekniske løysingar som gjer det lettare å gjenfinne tapt reiskap, seier divisjonsdirektør Jon-Erik Henriksen Fiskeridirektoratet.
Mykje frå fiskeri
Meir enn halvparten av alt plastavfall på norske strender kjem frå fiskeriaktivitet. Det kan vere fleire årsaker til det - mellom anna tap av reiskapar som følgje av uver. Handlingsplanen er ifølge direktoratet difor tydeleg på at forebygging er viktig, både i utøvinga av fisket, men også i regulering, rettleiing og tilrettelegging.
Den første handlingsplanen mot marin forsøpling vart vedteken i 2021, og vil utgå ved komande årsskifte. Denne planen har ei rekkje tiltak og der om lag 75 prosent av alle tiltak er heilt eller delvis gjennomført.
