This is some text inside of a div block.

- Fiskeflåten treng godt, sikkert og fungerande utstyr for å ivareta evakuering i polare farvatn dersom ulykka først skulle vere ute. Dagens løysingar er uhaldbare, ifølgje Magnar Reigstad, som har utvikla ein heilt ny type livbåt.

Livbåten er designa og tilpassa fiskeflåten og båtar i forskjellige storleikar. Livbåten kan dermed bli framtidas løysing for sikker segling i arktiske farvatn. Livbåten EvaQ er utvikla av Reigstad med basis i eit design som har vore testa ut ved Marintek i Trondheim. Testane oppnådde svært gode resultat. Den nye livbåten er utforma etter dei same hydrodynamiske prinsippa som ein «torpedo». Dette kan vere den løysinga alle fiskarar har venta på, meiner oppfinnaren.

Har studert fleire havari

Reigstad, som har inngått samarbeid med  Kloster Rescue Systems AS, har lenge interessert seg for livredningsressursar på skip, og har studert fleire havari. Han er ikkje i tvil om at det er eit behov for nytenking og utvikling av ein godt tilpassa livbåt med redningsutstyr i tråd med seglingsrutene. Magnar Reigstad har følgt med samtlige SARex-øvingar og  kjenner til resultata frå desse. Han meiner at det nye designet vil kunne bidra til å tette gapet på nokre av funna, og ser det som viktig å få på plass effektivt redningsutstyr for fiskeflåten som faktisk kan fungere under tøffe og kalde forhold i nord, der mange fiskefartøy opererer.

- I dag er fiskefartøya utstyrt med redningsflåtar og ein mobbåt. Så vidt vi veit er ingen norske fiskebåtar utstyrt med livbåt, noko som for så vidt er forståeleg med tanke på dei mindre båtane som har sine utfordringar knytt til utstyr på dekk og manglande plass til ein tradisjonell livbåt hengande i ein davit. I dårleg ver risikerer ein at redningsflåtene – om dei opnar seg korrekt – bles bort frå havaristen, og dermed ikkje gir nokon tryggleik. Også mobbåten kan vere utfordrande å handtere i grov sjø, og gir uansett ikkje ly mot elementa, seier Reigstad.

Utviklar Magnar Reigstad. (Foto: Kloster Rescue Systems).

Sikker evakuering

EvaQ er ein livbåt som vil kunne monterast og spesialtilpassast på fiskeflåten. Ifølge Reigstad løyser spesialdesignet dei problema fagmiljøet har slitt med i alle år – nemleg sikker evakuering uavhengig av krenging og sjøgang.

- Med denne livbåten vil ein kunne gi en langt sikrare evakuering enn kva ein flåte eller tradisjonell livbåt vil gi. I tillegg vil det også bidra til at  mannskapet kan evakuere heilt trygt uansett elementa sin uvilje, for å seie det slik, seier Magnar Reigstad.

Reigstad si interesse for tryggleik på havet har alltid vore der. Då han mista ein kamerat i Alexander Kielland-ulykka 27. mars 1980 fekk han sjå svakheitene ved tryggleiken rundt mannskapet. Ulykka inspirerte han til å sjå nærare på problemet med evakuering frå skip.

- Livbåten EvaQ™, er både i form og funksjon ei nyvinning som vil vere eit godt bidrag for å auke tryggleiken i dagens fiskeflåte. Livbåten kan ettermonterast på fiskebåtane. Éin viktig karakter ved livbåten er at den kan sjøsettast frå begge sider av fiskefartøyet, uavhengig av ver, vind og krenging. Dette gjer at ein ikkje treng å ha livbåtar hengande på begge sider av fartøyet, og som i de aller fleste tilfelle likevel ikkje vil virke når ulykka først er ute, seier Reigstad.

EvaQ kan også utstyrast med ein oppblåsbar redningsflåte, slik at det blir lettare å plukke opp folk frå sjøen, men kan også fungere som ein stasjon der ein kan bli heist opp i helikopter frå.

Sjå animasjonsfilm

Slik fungerer den

Dersom båten ikkje kan reddast og havariet er eit faktum, går mannskapet i livbåten. Når alle er på plass blir livbåten «skoten» ut frå fartøyet. Livbåten kan «skytast» ut frå begge sider av fartøyet eller frå hekken, avhengig av modell og montering på fiskefartøyet. Livbåten er designa for å gå delvis under vatn etter utskyting ved større krenging, og slik sett raskt kome seg bort frå havaristen, noko som er eit heilt sentralt element i ei kvar evakuering.

- «Havet gir og havet tar», heiter det, men havet treng ikkje å ta. Ordtaket har, kanskje meir enn vi vil tru, bidratt til at utviklinga av tryggleiken knytt til evakuering i fiskeflåten ikkje har fått særleg merksemd. Dersom redningsutstyret blir betre, vil talet på dødsulykker bli kraftig redusert, og det er mitt største ønske, seier Reigstad.

Etter å ha sikra første runde med finansiering så er bygginga av ein fullskala prototype godt i gang hos Norsk Modell og Formplast AS.

Her er halve skroget til prototypen. Foto: Kloster Rescue Systems.

   

En liten modell av livbåten har vore testa hos Marintek i Trondheim og kome veldig godt ut både på framdrift og fallhøgde. No blir det jobba med å lage ein fullskala prototype.

Det blir no arbeid med to livbåtar til to forskjellige segment:
- Livbåt til fiskebåtar over 15m (plass til ca. 5-12 personar for opphald i ca. tre døgn i samsvar med IMO Polarkoden.
- Livbåt til fiskebåtar under 15m (plass til 1-4 personar for opphald inntil ca. eit døgn.

Skisser av livbåt til fiskebåtar under 15 meter. (Illustrasjon: Kloster Rescue Systems).

- Det meste til formene er no klart, og begge er kome langt på veg, men det gjenstår å få på plass resten av finansieringa til å innreie dei endelege funksjonelle prototypane, seier Reigstad.

Reigstad har inngått eit samarbeid med ei forskargruppe ved UiT Norges arktiske universitet, der Annette Meidell er med. Meidell jobbar som professor ved Institutt for datateknologi og berekningsorienterte ingeniørfag, og har god tru på den nye livbåten.

- Det er ei god løysing som er presentert og vi ønsker å være med i dette prosjektet som FoU-leverandør for å få laga, testa og vidareutvikla denne prototypen. Får vi bygd den, vil det bli gjennomført mange testar før vi går vidare. Då kan vi kanskje få dette på plass, og sjå livbåten installert på fiskefartøy i løpet av nokre år, men før vi kjem så langt treng vi å teste livbåten også med ein pilotkunde som vil prøve den ut, seier Meidell.

Ettersom dette livbåtsystemet er tenkt å kunne ettermonterast på fiskefartøy vil det kunne vere av stor interesse for den eksisterande fiskeflåten, trur Meidell.

- Om det er nokon som har lyst til å høyre meir om dette eller kunne tenke seg å delta i prosjektet, så er det berre å ta kontakt med oss, seier ho.

Her kan du lese meir om torpedolivbåten.

Meidell seier at det er eit openbart behov for å auke tryggleiken på fiskebåtar som opererer i kalde og verutsette strok, og trur at den nye livbåten vil kunne vere eit godt redningshjelpemiddel dersom evakuering blir nødvendig.

- Vi har tru på at dette vil kunne redde liv og ser også stor fagleg og samfunnsmessig nytte i å vere med på eit slikt prosjekt. For oss forskarar er det mange interessante problemstillingar vi kan vere med å jobbe med i et slikt prosjekt, og med tanke på målet til dette prosjektet blir det ekstra motiverande å kunne få delta, seier Meidell.

Nyheter
No items found.