Reiarlaget har no overteke den unike båten og seglar Leinebris heim til Noreg. Dermed er ei omfattande byggeperiode på Tersan Shipyard i Tyrkia over, skriv reiarlaget i ei pressemelding.
-Vi er svært fornøgde med samarbeidet mellom verftet, leverandørane og designar Skipsteknisk, og ser fram til å få Leinebris i fiskeri, seier reiar og styreleiar Åge Uran, som har fulgt byggeprosessen på nært hald og tilbrakt mykje av dei to siste åra på verftet.

Den siste veka har både mannskap, samarbeidspartnarar og familie vore på plass for å sende den framtidsretta fiskebåten heim.
Berekraftig norsk fisk
Det er tydeleg at design, både utvendig og innvendig, har stått i fokus på nye Leinebris, som strekker seg 67,30 meter lang og 15 meter brei. «Sustainable Norwegian Fish» står skreve i gullskrift på den svarte skutesida, og gjenspeglar reiarlaget sitt sylskarpe fokus på berekraft og kvalitet. Linekroken glitrar i gull fremst på bauen.
-Som femte generasjon linefiskarar er vi stolte over å bygge for framtida og føre historia vår vidare, seier reiar og dagleg leiar, Paul Harald Leinebø.
Gjennom eit berekraftig fiskeri og god forvaltning av ressursane ønsker reiarlaget å inspirere til nyskaping og bidra til at Norge som sjømatnasjon kan gå fram som førebilde.
Unikt kombifartøy
Nye Leinebris blir det fyrste fartøyet som kombinerar både line, snurrevad og garn, samt fabrikk for filetproduksjon. Nye Leinebris er utrusta med stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift. Nyskapande er Asimut-thruster i hekk og baug for meir effektiv energibruk og manøvrering, og båten har elektrisk dekksutstyr og vinsjar. Dobbelt lastedekk, overbygde arbeidsdekk og dragebrønn ivaretek tryggleiken til mannskapet. Ensilasje-produksjon gjer at all fisk som kjem om bord blir fullt utnytta. Det nye fartøyet vil også få RSW-tankar, slik at fisken kan pumpast levande om bord.
-Alle nyvinningane gjer dette til eit svært omfattande prosjekt, som takka vere godt samarbeid mellom alle partane gjer at vi no kan ta heim ein heilt fantastisk båt, seier ein fornøgd Uran.
Norsk utstyr
Sjølv om nye Leinebris er bygd i Tyrkia er den utrusta med utstyr frå norske leverandørar, som Yanmar, Siemens, Brunvoll, Carsoe, PAM Ref., Mustad, Evotec, Storm, Cflow, Florvaag, Pelagia, Sunncom og Smådal Mekaniske.
Reiarlaget legg ikkje skjul på at det er utfordrande å løfte eit nybygg i tider med kvotekutt og dyrtid, men at omstilling er nødvendig for å klare seg i lengda. De er positive og klare til å brette om armane.
- Vi vil takke alle våre samarbeidspartnarar og bankane som har trua på oss og gjer dette mogleg. Det at vi har så mange unge og flinke folk i Leinebris, både om bord og på land, gjer oss motiverte og rusta for framtida, seier Leinebø.
