This is some text inside of a div block.

No kan fiskefartøy levere oppfiska avfall og utrangerte fiskereiskapar i Bremanger hamn. Separate containerar for dei to fraksjonane vil vere tilgjengelege i fiskerihamna i Kalvåg frå 1. september.

Hamnevakta kan kontaktast for tilgang til containerar og informasjon om levering. Ei eiga infoside kan lastast ned ved å skanne QR-koden på containeren.
Du finn òg meir informasjon om levering her: www.salt.nu/avfall-i-havn

I samarbeid med SALT, Norske Havner og Norges Fiskarlag tilbyr Bremanger hamn i ein prøveperiode mottaksløysingar for oppfiska avfall og utrangerte reiskapar i fiskerihamna. Uttestinga av nye mottaksløysingar for avfall er ein del av eit prosjekt finansiert av Handelens Miljøfond og FHF. Målet er mellom anna å utvikle beste praksis for mottaksløysingar i hamner, og å leggje til rette for at hamnene kan oppfylle nye krav til mottak av oppfiska avfall i forureiningsforskrifta. Samstundes vert det undersøkt korleis ein kan samordne mottaksløysingar for oppfiska avfall og utrangerte fiskereiskapar i hamner.

Kostnadene for å levere oppfiska avfall vil vere dekt av eit generelt avfallsgebyr i hamna som skal betalast uavhengig av om fartøy leverer avfall eller ikkje ved anløp. Gebyrkravet er fastsett i forureiningsforskrifta og vil bli nedfelt i kommunens gebyrregulativ. Forskrifta opnar også for å krevje inn tilleggsgebyr for levering av særleg store mengder avfall. Inntil gebyrsats er fastsett vil det ikkje bli kravd gebyr i testperioden. Levering av utrangerte fiskereiskapar vil inntil vidare kunne bli fakturert. Det er venta at delar av leveringskostnadene på sikt vil kunne bli dekt av det kommande produsentansvaret for fiskereiskapar i plast.

Nyheter