Norge eksporterte sjømat for 18,3 milliardar kroner i oktober. Det er ein nedgang på 122 millionar kroner, eller ein prosent, samanlikna med same månad i fjor.
Det er Norges sjømatråd som melder dette i dag.
Ifølge Sjømatrådet er hovudårsaka til verdinedgangen i sjømateksporten i oktober, eit kraftig fall i eksportvolumet av sild og makrell.
Norge eksporterte 16 796 tonn sild til ein verdi av 381 millionar kroner i oktober. Verdien fall med 152 millionar kroner, eller 28 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Volumet fall med 38 prosent.
Også for makrellen var det ein nedgang på 1,2 milliardar kroner i verdi for eksporten i oktober. Norge eksporterte 27 150 tonn makrell til ein verdi av 1,3 milliardar kroner i oktober. Det er eit fall i verdien på 47 prosent samanlikna med oktober i 2024.
For torsken er det annleis, for trass nedgang i volumet, så auka verdien av eksport av fryst torsk i oktober. Det blei eksportert 2 960 tonn fryst torsk til ein verdi av 277 millionar kroner i oktober. Verdien auka med 26 millionar kroner, eller 10 prosent, samanlikna med oktober i 2024.
Her kan du lese heile marknadsmeldinga frå Norges sjømatråd.
