This is some text inside of a div block.

Godt over 100 personar er påmeldte til Fiskarkvelden i Ålesund torsdag 25. mai. Målet med samlinga er å skape ein møteplass der fiskarar, lærlingar og andre tilsette i reiarlaga kan møtast uformelt og samtidig få fagleg påfyll.

Det er NCE Blue Legasea, Marint Kompetansesenter, Surofi, Norges Sildesalgslag, Fiskebåt Vest og Sør-Norges Fiskarlag som står bak arrangementet som er ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Programmet startar klokka 17.00 og avsluttast klokka 22.00. I mellomtida er det god tid til både å prate med kvarandre og få med seg litt fagleg innhald.

Det blir korte innlegg om følgande tema;

- Internasjonale fiskeriavtaler og sonetilgang 
- Vaksenfagbrev og kurstilbod
- Korleis skjer førstehandsomsetning av fisk 
- Marknadssituasjon og verdiutvikling for dei viktigaste kvitfiskartane
- Fiskarane si muligheit til å påverke eiga framtid
- Fiskarane si muligheit til å påverke salsvilkåra for fangsten  
- All fisk fortener å bli elska - ikkje kast pengane på havet

Etter den faglege runden blir det mat og underhalding. Atlanterhavsparken sin dyktige sjømatkokk Ole Christian Skogen har boder med sju rettars smaksmeny basert på råvarer frå havet. Toastmaster for kvelden er Halvor Hravn J Johansson som kjem frå Radio Rock.

Les meir om Fiskarkvelden her.

No items found.