This is some text inside of a div block.

Kvoterådet for lange og brosme nord for 620N for 2027 bør oppdaterast, meiner Fiskebåt. Dei siste par åra har det vore mykje uro i samband med fastsetting og fordeling av kvotene og reguleringa av fisket etter lange og brosme.

Fiskebåt ber no Nærings- og fiskeridepartementet om å ta initiativ overfor forskargruppa ICES, om å kome med eit oppdatert kvoteråd etter at det gjennomført ein metoderevisjon for desse bestandane i 2027

I brevet viser Fiskebåt til at det på grunn av kvotenedgang og auka interesse for å fiske lange og brosme, blei innført reguleringstiltak i norsk sone for desse artane. Dette blei innført for første gang i 2023. Frå og med 2024 blei fisket regulert med gruppekvoter.

Dette har ført til at det heilt eller delvis har vore naudsynt å stoppe det direkte fisket etter lange og brosme. I tillegg er det innført strenge reglar for bifangst.

Fiskebåt viser i brevet til ein liten kvoteauke for desse bestandane vil betre situasjonen vesentleg. Nedgangen i kvotene frå 2020 har kome i ei periode der også kvoteutviklinga for nordaustarktisk torsk, hyse og sei har vore negative, og der interessa for å fiske brosme og lange har vore aukande. Prisane for brosme og lange har også auka, noko som har ført til større interesse for å utnytte desse kvotane.

Fiskebåt ser for seg følgande tidslinje for prosessen:

Oktober/november 2026 – Workshop for å betre CPUE-seriane for lange og brosme
November/desember 2026 – Datasesjon (kvalitetssikring av datagrunnlaget for metoderevisjonen)
Januar/februar 2027 – Metoderevison (benchmark)
Februar 2027 – Nærings- og fiskeridepartementet ber ICES om å gi eit oppdatert kvoteråd for 2027
April/mai 2027 – WG Deep (ICES) utarbeider oppdatert kvoteråd for lange og brosme i 2027, og kvoteråd for 2028 og 2029

Nyheter
No items found.