Riksrevisjonen la i dag fram sin rapport for Stortinget, der det mellom anna blir vist til at det har blitt færre og større fiskefartøy i perioden 2004 til 2018 som Riksrevisjonen har tatt for seg.
- Sjølv om det er blitt færre og større fartøy både i kyst- og havfiskeflåten har ressursfordelinga mellom dei ulike flåtegruppene ligge fast. Eg merkar meg elles at Riksrevisjonen er kritisk til dei endringane i fartøylengde og lastekapasitet som fann stad i kystflåten i 2008, og at desse burde vore betre konsekvensugreia. Men også desse endringane var politisk forankra i dåverande regjering som besto av Ap, Sp og SV. I tillegg hadde dei støtte frå resten av Stortinget i denne endringa, seier Maråk.
Auka aktivitet
Han viser til at sjølv om fiskeriaktiviteten er redusert i enkelte kystsamfunn er det store bildet ein auka aktivitet og auka positivet langs heile kysten.
- Lønsemda i fiskeria er ein viktig faktor for denne positive utviklinga, seier Maråk.
Maråk støttar Riksrevisjonen i at det bør innførast avgrensingar i eigarskap også i kystflåten.
- I den havgåande fiskeflåten har vi att avgrensingar i eigarkonsentrasjonen i mange år. Når det er sagt, så har både regjering og Storting gått lengre i å tillate eigarkonsentrasjonar i den havgåande fiskeflåten enn det Fiskebåt har tilrådd, seier Maråk.
Frå subsidiar til lønsam eksportnæring
Maråk presiserer også at fiskerinæringa har gått frå å vere subsidiert, til å bli ei lønsam og attraktiv næring som kan møte framtidas utfordringar offensivt, takka vere eit godt samarbeid mellom styresmakter og næringa.
- Denne positive utviklinga som har vore breidt politisk forankra er det viktig å ta med seg når ein vurderer rapporten frå Riksrevisjonen. At enkelte forhold kunne vore betre utgreia endrar ikkje på den konklusjonen, seier Maråk.