I ein ny artikkel publisert i Fish & Fisheries har Toresen sett på samanhengen mellom temperaturendringar i havet og storleiken på gytebestanden, skriv Havforskningsinstiuttet på si nettside.
Russiske forskarar har målt temperaturen i Barentshavet i meir enn 100 år.
- Dersom ein samanliknar temperatursvingningane frå år til år med endringane i mengda med gytande sild, er det ein klar samanheng fram til år 2000. Når temperaturen gjekk opp, var det også god rekruttering til gytebestanden. Det var også ein tilsvarande sammenheng mellom fallende temperatur og gytebestanden. Unntaket var åra etter kollapsen i sildebestanden på slutten av 1960-talet, seier Toresen.
Ny trend
Toresen viser til at det etter kollapsen har oppstått ein ny trend, og at det ikkje lenger er same forhold mellom temperatur og storleiken på gytebestanden.
– Temperaturen har auka jamt dei siste åra, men etter år 2000 har det nesten ikkje vore sterke årsklasser med NVG-sild. Unntaket er 2004-årsklassa som var ganske sterk. Etter det har rekrutteringa vore dårleg – det er nesten som at nokon har slått av ein brytar, seier Toresen.
Undersøkt fleire faktorar
Saman med kollegaer ved Havforskingsinstituttet har han undersøkt om det er fleire faktorar enn temperaturen som kan føre til dårlegare rekruttering til bestanden med norsk vårgytende sild.