Ei tidlegare undersøking blant fiskarar viser at det er store variasjonar i praktisering av arbeids- og kviletid, og at dei største utfordringane er i dei fiskeria som er sesongbaserte og har arbeidsintensive periodar. Sjøfartsdirektoratet sette difor tidligare i år ned ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å foreslå hensiktsmessige løysingar innafor dei rammene som er trekt opp i internasjonalt regelverk, og som Noreg er bunde av. Arbeidsgruppa har no levert si innstilling.
Unntak
Arbeidsgruppa som er samansett av representantar frå blant anna Fiskebåt, tolkar reglane slik at det er mogleg med unntak, så lenge det er saklege grunnar for det, og at grunnleggande krav til helse og tryggleik blir ivaretatt.
Ifølgje arbeidsgruppa er det opning for at mannskapet kan redusere kviletida ned til ei kvileperiode på seks timar i døgnet, så lenge kvar enkelt er sikra minimalt 70 timar kvile i løpet av ein 168 timar periode.
Arbeidsgruppa ber no Sjøfartsdirektoratet fastsette denne ordninga, slik at den gjeld for alle fiskefartøy.
Dokumentasjon
Vidare har arbeidsgruppa fremma forslag til korleis kravet til dokumentasjon av kviletidskrava bør handhevast. Her foreslår arbeidsgruppa at det skal trekkast eit skille mellom fartøy med og utan faste vaktplanar. På fartøy med skiftordning og fast vaktplan skal det ikkje vere nødvendig å registrere kviletida til dei tilsette. I staden skal fartøya på førespurnad kunne legge fram vaktlister som viser at mannskapa ved normal drift får kvile som ligg innafor minstekravet til kviletid. På fartøy utan skiftordning og fast vaktplan, skal ein registrere avvik frå kviletidsreglane for kvar enkelt tilsett.
- Eg er tilfreds med at vi kom i mål med eit forslag til korleis kviletidsregelverket bør handhevast, seier Sturla Roald, rådgivar i Fiskebåt.
Roald har vore sekretær for arbeidet som har vore leia av Norges Fiskarlag.
- No ligg ballen hos Sjøfartsdirektoratet. Vi håpar at dei vil følge tilrådingane frå næringa slik at vi får eit felles regelverk som både sikrar fleksibilitet og samtidig ivaretar helsa og tryggleiken til mannskapet om bord, seier Roald.
Du kan lese rapporten på denne lenka.