Klar for å starte bygginga av Nordsjø II
Regjeringa legg no til rette for å realisere første fase av havvind frå Sørlige Nordsjø II. Krafta frå feltet skal sendast i kabel til det norske fastlandet. Det blir også lagt opp til at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til havs, melder regjeringa i dag. Det er viktig at ein ikkje går for raskt fram, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.