Komande veke blir fiskerinæringa sett på dagsorden i Ålesund. Fiskerimesse, Fiskarkveld og "Afterparty" er blant det som står på agendaen.
Fiskerimessa BlueFish Expo 2025 blir arrangert for 5. gong, og er open frå tysdag 2. september til torsdag 4. september. Ifølge arrangørane er det stor interesse og god påmelding til messa, der det blant anna skal vere politisk debatt.
Tysdag kveld er det Fiskarkveld på Atlanterhavsparken. Dette er eit lukka arrangement og er meint som ein sosial og fagleg møteplass, nettopp for fiskarar.
Litt seinare på kvelden (frå kl. 20:00) blir det arrangert Afterparty for alle som har lyst på Dampsentralen. Arrangørane, Atlantic Holding, Loran og Bunker Oil, lovar livemusikk med store overraskelsar. Blant anna vil alle som kjøper billett vere med i trekninga av ein tur-retur Ålesund Dubai med Emirates for to personar på business class.
Billettar til arrangementet kan ein kjøpe på Tikko.
På scena vil først Lars Ole Godø & Sofie Laxaa med band varme opp frå klokka 20:00, før sjølv konserten startar klokka 22:00 med Knut Marius Djupvik, Eirik Søfteland med band, Solveig Håvik og Merete Brandal.