This is some text inside of a div block.

Equinor har bestemt seg for å utsette planane om CO2 Highway Europe. Planen var å transportere flytande CO2 gjennom røyrleidningar i Nordsjøen.

Fiskebåt har vore skeptisk til planen, ikkje minst fordi vi blei involvert så seint at mange av val om trase allereie var bestemt. CO2 Highway Europe er eit stort prosjekt som strekker seg gjennom heile Nordsjøen, og inn til land kryssande med stor aktivitet med botntråling.

Equinor oppgir låg etterspurnad etter lagring av CO2, som hovudårsak til at prosjektet no blir sett på vent. Ifølge Equinor vil dei ikkje jobbe vidare med ruteval i Norge og tilhøyrande konsekvensutredning.

Her kan du lese Fiskebåt sitt høyringssvar i saka.

‍