This is some text inside of a div block.

FHF samlar snøkrabbeflåten, industri, forsking, teknologiaktørar og forvaltning til møte i Bodø 25. november.

Målet med møtet er å finne dei viktigaste kunnskapsbehova framover.

Det er lagt opp til eit omfattande program, der mellom anna forskarar frå Havforskingsinstituttet skal orientere om bestandssituasjonen for snøkrabbe. Det blir også orientert om forsøk med nedbrytbare teiner, som har vist seg å gi rekordfangst, og om kva agn som er best eigna.

På programmet er det også ein grundig gjennomgang av verdikjeda for snøkrabber, og møtet blir avslutta med ein panelsamtale, der ein skal diskutere kva ein kan gjere for å auke verdiskapinga av snøkrabbe framover.

Her kan du melde deg på, og lese meir om programmet.

Møtet blir arrangert dagen før Fiskebåt Nord sitt årsmøte, som også blir i Bodø.

‍

Nyheter