This is some text inside of a div block.

Denne veka samlast store delar av den norske kvitfisksektoren i London for å diskutere framtidsutsiktene, og sørge for at britane framleis vil prioritere norsk torsk og hyse til fish & chips.

Tollmurar, auka proteksjonisme og høge prisar som følge av lågare kvotar gir utfordringar for den norske ombordfrystflåten og eksportørarane. Denne vaka samlast dei til Sjømatrådet sitt Norway-UK Seafood Summit og Fish & Chips Awards, der ein kårar dei beste fish & chips-aktørane i 15 forskjellige kategoriar.

Viktig møteplass

Seminaret Norway-UK Seafood Summit (LENKE) har blitt ein fast årleg møteplass og blir halde i erverdige Fishmonger Hall ved London Bridge.

Fishmonger Hall. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

- Seminaret er blitt ein av dei viktigaste møteplassane i Storbritannia for sjømat. Vi har 250 plassar tilgjengeleg og 70 personar på venteliste. Det er rett og slett smekkfullt, fortel Bjørn-Erik Stabell, Sjømatrådet sin utsending til London.

Her kan du sjå kva som er på programmet

Dei fleste av dei større britiske daglegvarekjedene deltek på seminaret, og tilnærma alle dei store importørane i Storbritannia er representert. I tillegg til ei rekke mindre aktørar også representert. Det kjem også nesten 20 journalistar for å få med seg programmet. 
 
- Seminaret har blitt ein svært viktig arena, der dei norske representantane frå både flåteleddet og eksportørar får møte kritiske britiske kundar i direkte dialog. Vi set også stor pris på at fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, også deltar, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Tysdag morgon er det lagt opp til eit møte mellom den norske delegasjonen (Norwegian Frozen at Sea-gruppa- NFAS og styret i Norges sjømatråd. Dette blir eit internt møte der ein kan lufte felles utfordringar som kvitfisknæringa står overfor.

Fish & Chips Awards

Onsdag 25. februar er det The National Fish & Chips Awards. Her blir dei beste Fish & Chips-restaurantane i Storbritannia kåra i 15 forskjellige kategoriar. Her er den norske hvitfiskindustrien hovudsponsor forvalta gjennom Norges sjømatråd.

Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Norges sjømatråd er hovudsponsor for arrangementet som samlar rundt 500 personar. Her blir servert norsk fisk, som i går blir levert av linefartøyet Geir.

For å sikre god tilberedning av fisken har Sjømatrådet saman med kokken Simon Houlstone, som er en svært kjent kokk med en Michelin stjerne, vore med å sette menyen og til å bidra på kjøkkenet. Under dette arrangementet vil fiskeri- og havminister Marianne Næss halde ein opningstale og dele ut berekraftsprisen. Styreleiar i Norges sjømatråd vil dele ut Take Away prisen.

I juni kjem vinnarane i alle kategoriane på ein studietur til Norge, der dei blant anna får vere om bord i eit av fartøya som inngår i Norwegian Frozen at Sea-samarbeidet. I år er det linefartøyet Geir som er vertskap i Ålesund.

Les også;

Britiske fish & chips-vinnere fulle av lovord om norsk fiskeri

Nyheter
No items found.