This is some text inside of a div block.

Nok ein gong kan det sjå ut som ein gløymer at Norge er ein kystnasjon, og at vi eksporterer sjømat til resten av verda tilsvarande 42 millionar måltid kvar einaste dag. Det skriv Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt, i dette innlegget som først er publisert i Nationen.

Dei siste vekene har Nationen gjennom fleire artiklar retta søkelyset mot den norske sjølvforsyningsgraden og at berekraft skal inn som ein del av kosthaldsråda, slik mellom anna Danmark har gjort.

Naturleg nok møter dette motstand frå kjøtbransjen, som fryktar nedgang i dagens rekordhøge kjøtkonsum. Det blir også vist til at det er mange utfordringar viss alle skal legge om kosthaldet til plantebassert mat, då det vil føre til omfattande import av varer som ikkje kan dyrkast i Norge.

Ikkje berre vegetar som alternativ til kjøt

No er det tross alt eit fåtal som meiner at vi skal skaffe oss livsnaudsynt protein utelukkande gjennom planteføde, og dermed gjennom auka import. Heldigvis er det fleire vegar til målet om å gi nordmenn meir berekraftig mat. Ein av dei er å auke konsumet av fisk og anna sjømat.

Kjøtforbruket her i landet er mangedobla i løpet av dei siste generasjonane, og det frå tider då matimporten frå resten av verda var langt mindre enn no. Eit redusert kjøtforbruk er difor ikkje synonymt med at den norske handlekorga blir meir langreist, slik fagsjef for berekraft i Animalia, Martin Haaskjold Inderhaug, uttaler til Nationen 23. oktober. Fisk er framleis ein del av den norske handlekorga. Rett nok har nordmenn sitt konsum av fisk gått ned samtidig som kjøtforbruket har auka.

Etterspurt mat verda rundt

Heldigvis er norsk sjømat etterspurt i store delar av verda, og gir Norge viktige inntekter. Villfanga fisk er både sunt, klimavenleg, berekraftig og godt. Likevel blir det sjeldan rekna med når ein diskuterer nordmenn sitt inntak av mat. Dette trass i at norske fiskebåtar årleg fiskar fleire hundretusen tonn, frå bestandar som er berekraftig forvalta etter faglege råd frå havforskarane.

Dette er langt meir enn kva rundt fem millionar nordmenn greier å konsumere. Likevel vil ein liten auke med fisk på norske middagstallerkenar ha god effekt, både i forhold til enkeltpersonane si helse, men også i forhold til naturen si bereevne.

Kjøtproduksjon er utfordrande i forhold til klimaproblematikken, sølv om det for Norge sin del har mange andre positive sider, mellom anna med at beiteressursar som elles ikkje ville vore brukt blir nytta.

Klimagassutslepp

Likevel kan ein ikkje stikke under ein stol at dagens kjøtforbruk står for omfattande klimagassutslepp. I forhold til berekna CO2 per kilo mat, kan ein ete 25 torskemiddagar for kvar biffmiddag, ifølge berekningar frå Sintef. Då er alle klimagassutslepp tatt med fram til fisken eller kjøtstykket ligg i butikken. Bytar ein ut torsken med sild vil enda meir gå i fiskens favør. Villfanga fisk er ein vinnar viss klimaomsyn skal avgjere.

Det er ikkje dermed sagt at ein skal legge ned all kjøtproduksjon, men når kjøtprodusentane sjølv malar fanden på veggen, og framstiller alternativet som at alle då skal legge om til rein vegetarkost, blir bildet mildt sagt unyansert.

Fisk er også mat, og i tillegg svært sunn og berekraftig mat.

Ytringer
No items found.