Det siste året har ei rekke nye, og meir erfarne frå næringa, site på skulebenken. Gjennom til saman seks samlingar med "Ny kurs", har dei fått eit djupare innblikk i korleis norsk fiskerinæring fungerer.
Ideen til ein slik kursserie kom frå Lisbeth Sandtorv (49). For nokre år sidan måtte ho ta over reiarlaget og ringnotfartøyet Brennholm. Utan innsikt i fiskerinæringa var det tøft, og ei nokså dramatisk omvelting, seier Sandtorv.
No er første runde gjennomført, og Sandtorv seier at kurset har gitt meirsmak på fleire plan.
- For meg har det vore utruleg fint å delta, både sosialt i form av at vi har blitt betre kjent med fleire, og ikkje minst dei faglege innspela som først og fremst har vore med å auke bevistheita rundt fleire ting, seier Sandtorv.
Sjå videoen for å høyre deltakarane sin reaksjonar.
Saman med Susanne Giske og Nina Rasmussen i Fiskebåt, tok ho difor initiativ til å starte ein kursserie for å gjere overgangen litt lettare for dei som av ein eller anna grunn må hoppe inn i fiskerinæringa utan tidlegare fartstid.
Siste året har dei arrangert tre fysiske samlingar, og tre digitale med forskjellige tema på dagsorden. På kvar samling har det vore innleiarar med ulik fagleg tilnærming.
- Målet har vore å gi deltakarane ein tryggare og tydlegare veg inn i fiskerinæringa, med praktisk innsikt, nyttig kompetanse og bygge eit sterkt fagleg nettverk. Samlingane har ikkje vore obligatoriske, så det er ikkje alle som har følgt alt, men jamt over har det vore stor interesse for kurset, seier Susanne Giske.
Kursopplegget er no avslutta med siste samling i Tromsø, men Giske vil ikkje utelukke at det kan kome ein ny runde.
- Vi er i utgangspunktet gjennom det vi hadde tenkt, og har ikkje planlagt vidare kursopplegg. Det er likevel fleire tema som vi vurderer som aktuelle, så vi skal ikkje utelukke at det blir fleire samlingar. Dessutan er det stadig nye som kjem til, så viss behovet er der, så kan det blir meir kurs, Seier Giske.
Følgande tema har vore tatt opp på samlingane:
- Frå kvoteråd til fiskeri (Ny i leiinga)
(Kvoter, planlegging av fiskeriåret og leiing.)
- Frå fangst til finans
Praktisk og heilheitleg innføring i korleis fangst, marknad, økonomi og leiing heng saman i eit moderne fiskebåtreiarlag.)
- Frå hav til Marknad
(Marked og samfunnet forøvrig, hvordan verdiskapning og omdømme påvirker en virksomhets langsiktige konkurransekraft.
Tre digitale samlingar:
- Deltakarlova og havressurslova
- CO2-avgift og klimapolitikk
- Arbeidsrett og tariff (ikkje gjennomført enno, men blir truleg før sommaren)
Les også;
Kasta inn i fiskerinæringa - no kjem kurset som gir deg fotfeste
