This is some text inside of a div block.

Korleis sikre lønsemda når kvotene går ned og avgiftene aukar, og nokre tips for betre samhandling, er blant aktuelle tema som blir tatt opp på Fiskebåt SØR sitt årsmøte i Bergen.

"Bedre lønnsomhet, lys i husan og lavere CO₂-utslipp" er tittelen på innlegget til Svein Thompson frå Stakeholder, og det er nettopp utfordringar flåten står overfor no han skal snakke om. På årsmøtet blir det sjølvsagt også ei orientering frå Landsmøtet i Norges Fiskarlag, der Fiskebåt melde seg ut av organisasjonen. Sidan vegen framover for Fiskebåt er uavklart, passar det bra å få eit foredrag som nettopp handlar om det å samhandle. Knut Skeie Solberg med bakgrunn som journalist og programleiar i TV2, NRK og Discovery, skal snakke under tittelen; "Samhandlingens kraft".

Dei regionale årsmøta i Fiskebåt er viktige møteplassar for både medlemmar, politikarar og andre interesserte.

Her kan du lese heile dagsorden for møtet.

No items found.