This is some text inside of a div block.

Kva skjer med CO2-avgifta framover og er deltakarlova for rigid? Dette er to av problemstillingane som skal diskuterast på Fiskebåt Vest sin fiskerikonferanse i Ålesund fredag 29. august.

Maren Kleven Fox i Bunkeroil og Jan Ivar Maråk i Fiskebåt tar for seg moglege konsekvensar av avgiftspolitikken og arbeidet rundt fritak for CO2-avgifta.

Ei anna aktuell sak er utfordringar rundt generasjonsskifte i fiskerinæringa. Store verdiar og eit rigid regelverk fører til at mange reiarlag får problem når dei skal fordele verdiane på neste generasjon. Til Ålesund og Fiskebåt Vest, kjem Christian Wormstrand, fagdirektør Nærings- og fiskeridepartementet, for å snakke om dette viktige temaet.

I tillegg til det som er nevnt over er også strukturpolitikken og ei marknadsoppdatering på dagsorden. Konferansen blir avslutta med ein politisk debatt med temaet; "Norsk fiskerinæring i framtiden".

Klikk her for påmelding!

Her kan du lese heile programmet.

Nyheter
No items found.