This is some text inside of a div block.

Fiskarar i Nord-Norge har aldri sett så mykje lodde tidlegare. Det blir meldt om store mengder langs heile kysten frå Lofoten til Vardø.


Ifølge Kristian Kransvik, skipper på Knut Olav, er det snakk om store mengder med lodde i forhold til det som er normalt, og den er veldig nær kysten.

- Eg har høyrt frå eldre personar som seier at dei aldri har opplevd noko slikt. Lodda ligg nærast inn i fjøresteinane. Tidleg på 1970-talet skal det vist nok ha vore ein liknande situasjon, men dette er unormalt, seier Kransvik.

Kristian Kransvik er skipper om bord i Knut Olav som no fiskar vest for Sørøya i Finnmark. (Foto: Fiskebåt).

Store mengder uansett kvar vi er

Torleif Olufsen, skipper på Arnøytind, er no på hysefiske i Aust-Finnmark. Han sluttar seg til det Kransvik seier.

- Det er alvorleg mykje lodde å sjå og eg har aldri sett så mykje som i år. Vi ser store mengder uansett kvar vi er, så dette er veldig spesielt, seier Olufsen.

Han har tidlegare jobba som kvalfangar, og no ser han også store flokkar med finnkval, som mellom anna har lodde på menyen.

- Vi ser flokkar på 10 til 15 dyr over alt, så det også tyder på at det er mykje lodde som dei jaktar på, seier Olufsen.

Torleif Olufsen, skipper på Arnøytind, fiskar hyse i Aust-Finnmark. (Foto: Fisebåt).

Samsvarar ikkje med kvoteråda

Ifølge fiskarane er det ikkje samsvar mellom deira observasjonar og det forskarane har kome fram til i sine kvoteråd.

I år var forskarane sitt råd at ein kunne ta ut 62 000 tonn lodde i Barentshavet. I kvoterådet frå oktober i fjor viste forskarane til at veksten i bestanden har vore svak dei siste åra. Fiskebåt uttalte då at kvoterådet frå forskarane var svært skuffande og at forskarane truleg var ekstra forsiktige på grunn av stor usikkerheit.

Forskarane har bomma

Ressursforskar i Fiskebåt, Gjert Dingsør, seier at fiskarane sine observasjonar ikkje er unormalt i gode loddeår, men det tyder på at havforskarane har bomma på sine estimat om kor stor bestanden er.

- Dette viser konsekvensane av eit dårleg loddetokt, og det er veldig synd at fiskarane går glipp av gode moglegheiter for å hauste av ein sterk loddebestand, seier Dingsør.

Her kan du lese forskarane sitt kvoteråd for 2023.

Nyheter