This is some text inside of a div block.

- Om bord i ein fiskebåt er det ingen stader å "gøyme seg bort" viss ein ikkje trivast. Er ein lærling på land, kan ein gå heim og få seg eit pause. Det er difor ekstra viktig å ta var på dei unge, sa "Helsesista" - Tale Maria Krohn Engvik, då ho snaka til medlemmane i Fiskebåt Sør i dag.

Rundt 120 deltakarar følgde intenst med på det Engvik fortalte. Gjennom "Helsesista" har ho tett kontakt med mange ungdomar i forskjellige situasjonar. På Fiskebåt Sør sitt Solstrandseminar skulle ho snakke om det å vere ung på fiskebåt.

- Vi må gi rom for mangfald, men mangfaldet er under press. Det er ikkje lett å representere eit mindretal, enten det er snakk om kjønn, legning eller etnisitet. Det er viktig at dokke som arbeidsgivarar eller kollegaer er gjennomtenkt på dette, og legg til rette for at det skal vere både trygt og kjekt å jobbe på fiskebåtar, sa Engvik.

Små grep kan gjere stor skilnad

I innlegget sitt var ho innom at det med psykologisk tryggheit ikkje berre handlar om trivsel, men at det også kan stå om liv og helse. Ifølge Engvik kan enkle grep gjere ein stor skilnad. For i stor grad handlar det om å bli sett og høyrt.

- Sei noko positivt til ein kollega oftare, og spør korleis folk eigentleg har det. Og mange kan nok bli flinkare til å gi ros når nokon har bidratt på ein positiv måte, og dette er spesielt viktig når nokon er ny på arbeidsplassen, sa Engivik.

Alle vil bli sett

Regina N. Vestrheim, dagleg leiar i Austevoll opplæringskontor, var også med i bolken om "Ung om bord". Ho også viste til at alle, og då særleg ungdomar har lyst til å høyre til og bli sett.

- Det er viktig å tenke gjennom korleis ein snakkar med kvarandre og at ein møter ungdomane på deira premissar, sa Vestrheim.

Ho åtvara også forsamlinga å tenke at alt var betre før.

- Vi må få med oss at verda har endra seg, og heller prøve å forstå korleis dagens unge lever, sa Vestrheim.

På Solstrandseminaret var det også andre tema som blei diskutert. Her kan nemnast utfordringar rundt generasjonsskifte, situasjonen for økosystemet i Nordsjøen og utfordringar i eit uroleg verdssamfunn.

Nyheter
No items found.