This is some text inside of a div block.

Den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet rår at torskekvota blir redusert med 20 prosent neste år. -Dette er dramatisk for kvitfisksektoren, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.


Forskarane anslår at gytebestanden av torsk no er på rundt 700 000 tonn, som er det lågaste sidan 2008. I mellomtida har torsken hatt nokre gode år, med ein historisk topp i gytebestanden i 2013 på 2,2 millionar tonn. Hovudgrunnen til bestandsnedgangen er at rekrutteringa av torsk har vore under middels etter 2014-årsklassen og at fleire årsklasser er svært svake, ifølge forskarane.

Langt meir enn venta

- Nedgangen er langt meir enn venta, spesielt når ein tar omsyn til at kvota ifølge forskarane skal enda lenger ned. Forskarane har tidlegare sagt at torskekvotane truleg vil stabilisere seg på rundt 600 000 tonn. No er tilrådinga ei kvote på 453 427 tonn, og den skal ytterlegare ned. Kvar blir det av stabiliteten på rundt 600 000 tonn, spør Maråk.

Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt. Foto: CF Wesenberg/Fiskebåt.

Forskarane meiner det ikkje bør fiskast meir enn 453 427 tonn i 2024. Det er 20 prosent mindre enn kvoten og rådet i 2023. Også for 2022 og 2023 var reduksjonen på 20 prosent frå året før, skriv Havforskingsinstituttet på si nettside.

Uforståeleg

Maråk viser også til at reduksjonen i tilrådinga for blåkveite med 38 prosent er uforståeleg.

- Her har forskarane diverre bomma kraftig. Utifrå dei råda forskarane no har lagt fram, kan ein parkere ressursrentedebatten for fiskeri. Det blir ingen ekstraordinær høg avkastning å skatte av, viss dette blir følgt, seier Maråk.

Fiskebåt har bedt om eit møte med Havforskingsinstituttet for å ta ein gjennomgang av kvoteråda for kvitfisksektoren.

Endeleg fastsetting av kvotene skjer i fiskeriforhandlingane mellom norske og russiske styresmakter til hausten.

Her kan du lese heile kvoterådet frå havforskarane

Nyheter