-Dagens regulering rammar på urimeleg vis dei fartøya som berre er utrusta for å produsere om bord. Det seier Audun Maråk i Fiskebåt.
I dag møtte han tidlegare fiskeriminister Helga Pedersen til debatt om nettopp dette i morgonsendinga til NRK Finnmark.
Krabbeflåten er i dag pålagt å levere 20 produsent av kvota levande, alternativt la vere å ta ut heile fartøykvota. Dette er urimeleg meiner Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
- Ja det er urimeleg, og vi må også ta med oss at det var dei ombordproduserande fartøya som tok risiko og kostnad ved å utvikle snøkrabbefiske. Dei har blitt ramma først ved at styresmaktene har auka talet på fartøy frå 10-12 til 30 fartøy, og dernest av kravet om at ein av kvota skal leverast levande. Dette er ein svært urettferdig og urimeleg situasjon som ramma spesielt hardt fartøygruppa som berre kan produsere om bord, seier Maråk.
Verdiskaping på land
Helga Pedersen som er tidlegare stortingsrepresentant og fiskeriminister for Arbeidarpartiet, meiner at også landindustrien skal få ta ein større del av verdiskapinga.
- Snøkrabbe er ein stadig viktigare ressurs, og det er difor viktig at vi får sikra ei god fordeling av den. Målet må vere størst mogleg verdiskaping, og havressurslova slår fast at både fiske og krabbefangst skal bidra til både arbeidsplassar og busetnad i lokalsamfunna, seier Pedersen.
Godt utgangspunkt
Maråk på si side meiner at problemet i stor grad ligg i at industrien i Finnmark i liten grad har klart å tilføre Norge auka verdiskaping, trass i at fylket har eit godt utgangspunkt.
- Ei av hovudutfordringane for ei lønsam og verdiskapande sjømatnæring i Finnmark er den politiske styringa av kva og korleis fiskerinæringa skal drivast, og ei forventning om at staten skal ordne opp om ting går skeis, seier Maråk.
