Russiske styresmakter reduserer minstemålet for torsk i Barentshavet og opnar for redusert seleksjon.
- Norge har stimulert til eit russisk fiske i norsk økonomisk sone fordi torsken i snitt er større her enn i russisk sone. Dersom fiskerisamarbeidet mellom Norge og Russland blir suspendert slik at Russland i hovudsak vil fiske i russisk sone, så er eg ikkje overraska over ei endring i minstemål og maskevidde som er tilpassa fiskeressursane i russisk sone. Vi har forøvrig merka oss at det truleg ikkje er foreslått endringar i innretninga på sorteringsrist. I så fall vil sorteringsrista sortere ut torsk under dagens minstemål, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Det er den russiske nettstaden severpost.ru, som skriv dette.
Maråk ser ikkje bort i frå at Russland speler opp desse endringane som ein del av dei nye samtalane som er varsla mellom Norge og Russland om eit framtidig fiskerisamarbeid i Barentshavet. Det kan også vere grunnen til at Russland har signalisert at dei vil kome til å sette eigne kvotar, ikkje berre i eigne farvatn, men også i internasjonalt farvatn (Smutthullet). I tillegg utelukkar ikkje Maråk at norsk jurisdiksjon i Svalbardsona kan bli utfordra.
- Fiskebåt har stilt seg bak dei norske sanksjonane, og håpar at Russland og Norge blir einige om å fortsette forvaltingssamarbeidet i Barentshavet. Det vil vere i begge partar si interesse å sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane i Barentshavet, seier Maråk.
Det er det russiske matdepartementet som har foreslått endringane, der minstemålet for torsk blir redusert frå 44 cm. til 40 cm. Samtidig blir kravet til maskevidde redusert frå 130 mm. til 120 mm. for fiske i Barentshavet.
Dei nye reglane trer i kraft 10 dagar etter offentleggjering.
Les også;
Fiskebåt fraråder fiske i russisk sone inntil videre