This is some text inside of a div block.

Med 140 deltakarar i salen hadde Høgre sin representant i næringskomiteen på Stortinget, Tom-Christer Nilsen problem med å forsvare kvifor det bør innførast ein statleg kvotebank. Heller ikkje Ruth Grung frå Arbeidarpartiet såg poenget med dette forslaget. Under ei uformell handsopprekking var det eit samrøystes møte som gjekk i mot.

 

Grundig behandling

I debattpanelet var også styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord. Han la vekt på at det no skal jobbast grundig med kvotemeldinga i organisasjonen før Fiskebåt tar stilling til kva vi som organisasjon skal meine. Komande veke blir det to medlemsmøte til som skal diskutere den framlagte meldinga. Det er i Tromsø på torsdag og i Ålesund på fredag. Deretter skal styret i Fiskebåt jobbe vidare med saka.

Dei to stortingspolitikarane var begge innstilt på å finne konstruktive løysingar og lovte at meldinga skal få ei grundig politisk behandling i næringskomiteen.

I tillegg til kvotemeldinga var det fleire andre interessante tema på dagsorden.

 

Her kan du sjå presentasjonane;

- Økende proteksjonisme og politiske konflikter. Konsekvenser for norsk økonomi og fiskerinæring. Svein Rune Jordheim, avdelingsleiar i DNB Markets.

 

- Pelagiske markedsutsikter: Blir Russland et viktig marked for pelagisk fisk om fem år? Jan Erik Johnsen, marknadsdirektør i Sjømatrådet.

 

- Miljøsertifisering for pelagisk – status og utfordringer. Tor B. Larsen, miljørådgivar i Norges Fiskarlag.

 

- Fangstkontoll i fisket etter kolmule, Rita N. Maråk, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansering.

 

- Jonny Berfjord si innleiing om kvotemeldinga.

Nyheter
No items found.