This is some text inside of a div block.

Generasjonsskifte i fiskeflåten er ei av hovudsakene på Fiskebåt Sør sitt Solstrandseminar på torsdag.

Store verdiar og eit rigid regelverk fører til at mange reiarlag får problem når dei skal fordele verdiane på neste generasjon. Til Solstrand kjem blant andre Christian Wormstrand, fagdirektør Nærings- og fiskeridepartementet, for å snakke om dette.

I tillegg til denne saka, blir det ein runde om utfordringane med økosystemet i Nordsjøen. Så kjem "Helsesista" som skal snakke om korleis det er å vere ung på fiskebåt, før dagen blir avslutta med geopolitiske utfordringar og konsekvensar for fiskerinæringa.

Her kan du lese heile programmet.

Nyheter
No items found.