This is some text inside of a div block.

Fiskebåt deltar også i år på Arendalsuka og blir med i fleire debattar.

Beredskap blir eit gjennomgåande tema under årets Arendalsuke neste veke. Fiskebåt skal vere med i fleire debattar der dette er tema.

Følg oss på Instagram for løpande oppdateringar.

Som tidlegare år blir Fiskebåt også med på eit felles arrangement saman med Sjømatrådet, Norges Fiskarlag, Norges råfisklag, Norges sildesalgslag, Pelagisk forening og FHF.

Dette skjer onsdag 12. august fra klokka 13.00 - 15. 00 om bord på "SS Sørlandet".

Temaet er korleis vi kan få nordmenn til å ete meir sjømat. Konsumet av sjømat i Norge er nemleg mindre enn tidlegare, trass i at vi har enkel og tilgang på sunn og god fisk i heile landet. Kva skal eigentleg til for å snu trenden? Handlar det om pris, vanar, kunnskap, tilgjengeligheit – eller er det slik at sjømat må bli enklare å bruke i ein travel kvardag?

Debatten tar for seg korleis næring, politikk og forbrukarar saman kan løfte sjømaten sin  plass i kosthaldet, og kva for grep som faktisk virkar når målet er å få fleire nordmenn til å velge fisk oftare.

Les meir om arrangementet her.

Nyheter
No items found.