Forskarane tilrår auke både i kvotene både for torsk og hyse i Barentshavet neste år. Det er klart etter at Havforskingsinstituttet la fram sine kvoteråd i dag.
Vurderingane som ligg til grunn for råda, er gjort av den norsk-russiske arbeidsgruppa på arktiske fiskeri (JRN-AFWG), i samsvar med metodikken til det internasjonale havforskingsrådet, ICES.
Nordaustarktisk torsk: I forhold til forvaltningsregelen tilrår JRN-AFWG at det ikkje bør fiskast meir enn 312 667 tonn i 2027. Det er opp 10 prosent i forhold til avtalt kvote, og opp 16 prosent i forhold rådet for 2026. Gytebestanden er estimert til å vere under tiltakspunktet på 460 000 tonn, og forskarane åtvarar om framleis låg rekruttering.
Nordaustarktisk hyse: JRN-AFWG tilrår ei kvote for nordaustarktisk hyse på inntil 180 336 tonn i 2027, som er opp 18 prosent frå avtalt kvote og kvoterådet for 2026. Oppgangen skuldast betre rekruttering. Forskarane forventar at bestanden vil halde fram med å vokse vokse fram mot 2028. Bestanden er i god stand, men fiskepresset er litt høgt, ifølge forskarane.
Blåkveite: JRN-AFWG tilrår ei kvote for blåkveite på inntil 19 610 tonn i 2027, som er opp tre prosent frå avtalt kvote for 2026.
Snabeluer: JRN-AFWG tilrår ei kvote for snabeluer på inntil 67 090 tonn i 2027, som er ein nedgang på tre prosent frå avtalt kvote for 2026.
Fiskebåt vil gå nøye gjennom grunnlaget for råda.
Her kan du lese meir om kvoterådet for 2027
Her kan du lese meir om kvoteråda generelt
