Norske fiskefartøy som har utanlandsk mannskap om bord, må gjennomføre ein omfattande passkontroll. Dette må skje innafor svært snevre opningstider.
Grensekontroll har lenge vore ei utfordring for fiskeflåten, men presset har auka kraftig det siste året. Når norske fiskefartøy skal krysse Schengens yttergrense, må alt mannskap – både EU/EØS-borgarar og tredjelandsborgarar – gjennom utreisekontroll. Innføringa av EU sitt nye Entry/Exit System (EES) har gjort kontrollen av tredjelandsborgarar meir omfattande, noko som igjen skaper forseinkingar for heile besetninga.
- Dette regelverket er openbart ikkje laga med tanke på mannskap på norske fiskefartøy. Det er ikkje det same å gjennomføre grensekontrollar i sentral Europa, som langs norskekysten, så her må det vere mogleg å gjere tilpassingar, seier Sturla Roald, ass.dir. i Fiskebåt.
Svært avgrensa opningstider
Fiskebåt har tatt opp problemstillinga tidlegare utan at det har ført til endringar. Kontrollane og svært avgrensa opningstider på passkontora fører til store problem for fleire reiarlag, og fleire har tatt kontakt med Fiskebåt og uttrrykt frustrasjon rundt dette. Før kvar tur må dei altså inn om ein passkontroll før avreise. Nergård-reiarlaget i Tromsø har fleire fartøy, og opplever dette som eit aukande problem.
- Berre i desember hadde vi to konkrete hendingar som påførte oss både praktiske problem og store kostnader. På grunn av ventetid for passkontrollen fekk vi eit tap på mellom 700 000 og 800 000 kroner for dette. Dette går også utover mannskapet som på denne måten mista 30 prosent lott (løn for fiskarar). Så det må la seg gjere å få dette til på ein meir smidig måte, seier Kenneth Holmøy, general manager i Nergård.
Nordiske borgarar
For Nergård sin del er det mest snakk om færøyveringar, men også svenskar og islendingar.
- Det er eit vedvarande problem ved ferskleveringar i Senjahopen, der mannskapet seinare på ettermiddagen/kvelden skal gjennomføre mannskapsbytte i Tromsø. Det legg eit unødvendig tidspress på båt og mannskap for å rekke oppsette timar hos passkontrollen i Tromsø, som mannskapet må igjennom før heimreise, seier Holmøy.
Fiskebåt har forståing for behovet for strenge grensekontrollar, men ber no styresamaktene legge til rette for ei pragmatisk og rettsleg forsvarleg innretning av praksis som både ivaretek pliktene i forhold til Schengen-samarbeidet og fiskeflåten sine operative behov.
