This is some text inside of a div block.

- Areal som er best eigna til fiskeri må bli prioritert til nettopp det. Det skriv Fiskebåt i innspelet til regjeringa si havvindsatsing.

Fiskebåt viser til at den samla belastninga, både for økosystema og fiskerinæringa må vurderast ved val av areal som skal byggast ut. I tillegg må kunnskap spele ei sentral rolle.

- Havvindplanen bør innehalde ein plan for kunnskapsinnhenting, og havvind må byggast ut med så lavt fotavtrykk som mogleg, skriv Fiskebåt i innspelet til Energidepartementet.

Fiskebåt har levert både eit eige innspel, og er også med på eit felles innspel frå ei rekke organisasjonar. I innspelet frå Fiskebåt blir det også vist til at flytande havvind vil bli avgjerande for at det skal vere mogleg å oppnå god sameksistens med fiskerinæringa. I dag er teknologien som må til for å bygge ut flytande havvind både kostbar og krevande. Samtidig vil den avgjerande viss Norge framleis skal ha ambisjonen om å bygge ut 30 GW havvind, og samtidig oppretthalde god sameksistens.

Kystnære konfliktar

- Dei kystnære og grunne områda som blei forslått i 2010-runden, er i stor grad i konflikt med norsk fiskerinæring, og mange av planane blei difor lagt bort i 2023, då nye område blei identifisert, og deretter strategisk konsekvensutgreia. Fiskebåt meiner difor at den komande havvindplanen må inkludere både botnfast og flytande havvind, heiter det i innspelet.

Fiskebåt ber også om at havvindplanen blir sendt ut på høyring.

- Det vil vere viktig både politisk og samfunnsmessig. Den omfattar mange interesser og sektorar, og kan bli kontroversiell. Det bør difor vere viktig for norske styresmakter at planen har brei legitimitet blant folk, skriv Fiskebåt.

Fiskebåt er tydeleg på at nokre område ikkje skal vere med i planen. Dette gjeld områda Sønnavind A, Vestavind E, Sørvest A og Sørvest E  med omsyn til fiskeriaktiviteten og Nordvest C med omsyn til gyting for uer og vandring for NVG-sild.

Her kan du lese;

- Fiskebåt sitt høyringssvar
- Fiskebåt sitt innspel
- Felles innspel frå fleire organisasjonar

Les også:

- Det er en grense for hvor stor belastning fiskeriene kan tåle

Nyheter
No items found.