Stortingsflertallet går inn for å fjerne CO2-avgifta for fiskeflåten. -Dette er ei gladsak for heile kysten, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt. Han håpar at regjeringspartiet også støttar fritaket i endeleg statsbudsjett.
Røystinga skjer dagen før regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett for 2027.
- CO2-avgifta har vore ei viktig sak for Fiskebåt den siste tida. Vi har hatt tru på at bodskapen vil få gjennomslag, noko det no ser ut til å gjere, seier Maråk.
Ikkje alternativ til diesel
Avgifta blei innført i 2020, og hadde som mål å få fiskeflåten over på meir klimavenleg drivstoff. Teknologien har latt vente på seg, og per i dag er det ikkje noko alternativ til diesel for store delar av fiskeflåten. Avgifta har difor ikkje hatt nokon miljøeffekt, samtidig som den har vore konkurransedrivande overfor andre land som ikkje har hatt tilsvarande avgift. Det har i tillegg vore tilgang for at skip i utanriksfart kan bunkre drivstoff i Norge utan å betale avgift. Dette gjeld også for fiskefartøy som legg turen innom ei utanlandsk hamn før den startar fisket.
Har ført til auka utslepp
- Dagens avgiftsregime har ført til auka utslepp frå fiskeflåten, som følge av at dei har gått lengre turar før dei har starta fisket. Det har også ført til eit mindre effektivt fiske, då ein har måtte gå omvegar før ein kunne starte fiskeriet. Når ein no fjernar avgifta er det også positivt for miljøet, fordi det totale drivstoff-forbruket blir redusert, seier Maråk.
I fjor var det fleire politiske parti som tok til orde for å fjerne den på sine landsmøte. No var det eit forslag frå KrF som blei lagt på bordet, og har fått støtte frå eit fleirtal på stortinget samansett av KrF, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet.
- Det gjenstår ei budsjettbehandling, men vi vil gi ros til dei partia som støttar forslaget. Forhåpentlegvis oppnår vi eit enda breiare fleirtal i budsjettbehandlinga. Fritaket vil føre til reduserte utslepp, auka aktivitet, verdiskaping og fører til at fisken blir levert til norske mottaksanlegg. Det sikrar også bunkersstrukturen langs kysten som er viktig for beredskapen. Difor er det ein positiv dag for alle som tar realitetane innover seg, seier Maråk.
Avgifta vil opphøyre frå 1. januar 2027.
Høyr Audun Maråk i debatt med nestleiar i Miljøpartiet Jonas Maas Nilsen i MDG på NRK Møre og Romsdal. Innslaget startar på 01:35:
Les også;
- Regjeringen må ta initiativ til å fjerne CO2-avgiften for fiskeflåten
