This is some text inside of a div block.

Komande veke kjem vinnarane av den prestisjetunge National Fish & Chip Awards til Norge og Sunnmøre, for å lære meir om norsk fiskeri. Mandag skal dei tilbringe heile dagen om bord i linebåten Geir, saman med fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Om bord i Geir, som tilhøyrer Holmesetreiarlaget på Grytastranda, vil gjestane få eit godt innblikk i norsk ombordfrystproduksjon av kvitfisk. Den norske sjømatnæringa har i over 10 år samarbeida med den britiske fish & chips-industrien om prisutdelinga som kårar dei beste aktørane i 15 kategoriar. Vinnarane får også ein unik tur til Norge, der dei får oppleve livet om bord i eit moderne havgåande fartøy.

Dei britiske gjestane får prøve seg på filetering om bord i Langøy i 2025. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

- Besøket av prisvinnarane er viktig for auke forståinga rundt korleis norsk fiskerinæring fungerer, og at vi får vist fram ein moderne miljøvennleg flåte. Når også fiskeri- og havministeren blir med på turen, er det med på å løfte perspektivet enda nokre hakk, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

I februar i år var fiskeri- og havministeren i London der ho delte ut berekraftsprisen i the National Fish & Chip Awards 2026.

Det er Fiskebåt saman med Norges sjømatråd som står bak arrangementet. Norges sjømatråd har dei siste åra også vore hovudsponsor for prisutdelinga i London.