Fiskeri-og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) var mandag med på tur med linefartøyet Geir, for å lære om filetproduksjon og fish & chips.
I 2025 eksporterte Norge 144 000 tonn sjømat til ein verdi av 9,8 milliardar kroner til Storbritannia. Det gjorde øyriket til Norges 7. største sjømatmarknad, med ein vekst på 11 prosent målt i verdi sammenlikna med året før.
Låge kvotar og høge prisar fører likevel til utfordringar for britiske fish & chips-restaurantar. Innan fisk er det Island og Færøyane som er dei største konkurrentane, men den største faren er at konsumentane bytar ut fisken med td. kylling eller kebab.
Dette låg også som eit bakteppe, då årets vinnarar i The National Fish & Chip Awards gjesta Norge og Ålesund denne veka. I det tre-dagar lange programmet som Fiskebåt og Norges sjømatråd står bak, er det lagt inn ein båttur med eit havgåande fartøy. I år var det linebåten Geir som var vertskap. Med på turen var også fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

- Det er fantastisk artig. Både å få vere i lag med vinnarane frå Fish & Chips-Awardsen, men også få sjå korleis det blir jobba om bord her, og kor beviste mannskapet er på å ta vare kvaliteten på fisken, noko som eg er veldig opptatt av, seier Næss.
Kvart år konsumerer britane rundt 200 millionar porsjoner fish & chips, og industrien skapar inntekter for rundt 15 milliardar kroner.
- Storbritannia er den tredje største marknaden for norsk fisk i volum, så dette er ein viktig marknad og eit forhold mellom landa som vi skal ta godt vare på.
Ein av britane som var med på turen er Aman Dhesi. Han driv ein fish & chips-restaurant i York i England. I har han vunne to prisar - ein for marknad og innovasjon, og ein for å vere best på "take away".
Han seier at det å vinne desse prisane har mykje å seie for økonomien.
- Vi har dobla omsetninga, og det skjedde nesten over natta. Vi har fått nye kundar frå store delar av landet, men også frå andre stadar i verda som kjem til York for å prøve vår fish & Chips, seier Dhesi.
I Storbritannia er det geografiske skiller på om kundane foretrekker torsk eller hyse. I York er det i hovudsak hyse det går i, men også dette har endra seg.
- Vi tilbyr både hyse og torsk. Før Awardsen solgte vi 95 prosent hyse, men no er det redusert til 85 prosent og resten er torsk. Dette heng saman med at vi har fått kundar frå andre stader, som vil ha torsk, seier han.
Litt fakta om den britiske marknaden:
* Rundt 10 prosent av den totale fangsten av torsk i Nordaust-Atlanteren havner årleg i fish & chips-industrien i Storbritannia.
* Torsk frå Norge utgjer i dag om lag 20 prosent av all torsk som blir konsumert på det britiske øyriket.
* Reduserte torskekvotar, auka kamp om råstoffet og historisk høge priser på torsk, påvirkar både dei som kjøper og sel sjømat.
* Ifølge analyseselskapet Circana gikk antall måltid utafor heimen ned med rundt tre prosent i Storbritannia i fjor.
* Den same undersøkinga viser at antall besøk til den lokale fish & chips-butikken i samme periode blei redusert med heile 8,5 prosent.
Les også;
Verdas beste fish & chips-kokkar på norgesbesøk
