This is some text inside of a div block.

- Regjeringa sitt forslag til kvotemelding vil føre til store inntektstap for fiskarane. Det sa Christian Halstensen, styreleiar i Fiskebåt, då han møtte til høyring i Næringskomiteen på Stortinget i dag. Fiskebåt er også kritisk til regjeringa sitt forslag om å avgrense eigarskapet i kystflåten til ein prosent.

Til saman 29 organisasjonar er påmeldt høyringa til Næringskomiteen som no har starta sitt arbeid med kvotemeldinga, etter at Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) presenterte regjeringa sitt forslag i Tromsø 12. januar.

I høyringa viste Halstensen til regjeringa sitt forslag om at open gruppe skal belastast frå totalkvota, og dermed redusere kvota til trålflåten.

Kvar er rettferda i dette?

- For om lag 2000 fiskarar vil dette føre til eit årleg inntektstap på 50 000 kroner. I praksis vil ein ta frå ein og gi til naboen i same bygda. Eg har vanskar med å sjå at det skal vere meir rettferdig, sa Halstensen.

Næringskomiteen lytta til innspela frå Fiskebåt. Foto: Jan Ivar Maråk/Fiskebåt.

Fiskebåt har også levert eit skrifteleg innspel til politikarane på Stortinget. Der blir det mellom anna vist til at Fiskebåt sine medlemsfartøy står for over 60 prosent av førstehandsverdien frå norsk fiske. Stabilitet i rammevilkår er difor viktig for ei næring som må forholde seg til varierande fiskekvotar til tillegg til svingningar i marknad og valuta.

Stabilitet i 35 år

Fiskebåt meiner at hovudtrekka i dagens fiskeripolitikk bør førast vidare, og at stabilitet i fordelinga av kvotene mellom store og små fartøy dei siste 35 åra, har vore ein suksessfaktor. Fiskebåt kan difor heller ikkje godta forslaget om å omfordele to prosent av den konvesjonelle kvota til den minste gruppa i kystflåten. Ei slik omfordeling vil redusere verdiskapinga, auge sesongtoppan og redusere heilårlege arbeidsplasssar i fiskeflåten.

Eigarkonsentrasjon i kystflåten

Regjeringa foreslår i kvotemeldinga å innføre eigarskapsbegrensning på ein prosent i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 620. Fiskebåt er positiv til at det blir innført eigarskapsbegrensning også i kystflåten, men meiner nivået som regjeringa foreslår i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 620 er for lavt.

- Forslaget vil, viss det blir innført, på ein uheldig måte føre til store utfordringar for allereie etablerte eigarstrukturar, og med dette få tilbakevirkande kraft som ikkje kan aksepterast. Problemstillingen kan også vere aktuell i andre fiskeri for kystflåten, seier avdelingsleiar Espen Jacobsen i Fiskebåt.

Fiskeridirektoratet har i ei tidlegare høyring om dette foreslått ei eigarbegrensing på to prosent. Denne blei etter høyringa nedjustert til 1,5 prosent. I høyringa den gongen, blei det sagt at det på tidspunkt for høyringa ikkje var utfordringar i forhold til sterk eigarrskapskonsentrasjon i kystflåten, men at forslaget var meint å vere ei før var tilnærming i forhold til en potensiell uheldig framtidig utvikling. Fiskebåt var den gongen positiv til innføring av ei eigarskapsbegrensning på to prosent, då forslaget ikkje ville føre til at ein ramma allereie etablerte eigarstrukturer/investeringar. Ordninga skulle difor ikkje ha tilbakevirkande kraft.

- Fiskebåt vil påpeike at regjeringa sitt forslag om innføring av begrensning på ein prosent ikkje er  tilstrekkeleg utgreid med omsyn til konsekvensar for verken reiarlag eller industrien på land. Det blir her vist til rapporten frå Riksrevisjonen og kritikk når det gjeld manglande konsekvensutgreiingar når viktige fiskeripolitiske avgjerder skal takast, seier Jacobsen.

- Med bakgrunn i det som er nevnt, meiner Fiskebåt at regjeringa ved innføring av eigarskapsbegrensning i ulike fiskeri, må legge seg på eit nivå som ikkje fører til tilbakevirkende kraft for eigarstrukturar som allereie er etablert. Etter vår oppfatning vil innføring av eigarskapsbegrensning på to prosent i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 620 ikkje ramme aktørar i dag. Dette må likevel greiast ut på ein grundig måte, og framtidig eigarskapsbegrensning i ulike fiskeri må deretter fastsettast på ein måte som ikkje inneber tilbakevirkende kraft på allereie etablerte eigarskapsstrukturar.

Kvotemeldinga blir også ei sentral sak på Fiskebåt sitt årsmøte i Oslo 13. februar.

Nyheter