This is some text inside of a div block.

Fiskebåt vil at det skal bli lettare å rekruttere ungdomar som ikkje er i eit utdanningsløp. I dag er det nemleg fleire restriksjonar for dei som ikkje har lærlingekontrakt.

Fiskebåt ber difor Sjøfartsdirektoratet om å vurdere ei forenkling av regelverket som gjeld for ungdom under 18 år, som er i arbeid. Etter gjeldande forskrift er det ei rekke avgrensingar i forhold til kva for arbeidsoppgåver og arbeidstidsordningar ungdom under 18 år kan underleggast ved arbeid på norske fartøy.

Skal ikkje vere til hinder

Ungdomar som derimot har godkjende lærlingekontraktar, eller som arbeider om bord som ledd i vidaregåande opplæring, er utafor desse avgrensingane. Dette er til dømes reglar for arbeidstid og forbod mot nattarbeid. Årsaka til at dette ikkje gjeld for læringar, er at det ikkje skal vere til hinder for at ungdomane får den undervisinga og praksisen som dei har behov for i opplæringa.

Ein veg inn i arbeidslivet

Fiskebåt er opptatt av at fiskeflåten også skal kunne rekruttere mannskap frå alle lag av folket, og då også blant ungdom som er under 18 år, og som ikkje følgjer eit utdanningsløp. Dette er viktig i forhold til rekruttering og for at ungdom skal få prøve ut fiskaryrket. Fiskeflåten har lenge vore ein veg inn i arbeidslivet for ungdom som er skuleleie, eller som av andre grunnar fell utafor det offentlege tilbodet.

Fiskebåt oppmodar difor Sjøfartsdirektoratet om å vurdere ei forenkling av regelverket. I staden for at ein må søke spesielt i kvart enkelt tilfelle, vil ei forenkling til dømes vere at ein oppgir dei kriteria som må vere oppfylt for å gjere unntak.

Nyheter
No items found.