This is some text inside of a div block.

To veker før snøkrabbe-sesongen startar er det ingen som veit kor stor kvote dei har og kva vilkår som gjeld for deltaking.

- Eg veit ikkje kor krass eg kan vere i kritikken, men dette er alvorleg og viser fullstendig mangel på forståing for næringa. Vi har to båtar som skal på krabbefiske, og til saman 60 personar som ikkje veit om kva dei kan forvente seg over nyttår.

Planlegg for olympisk fiske

Det seier Arne Birkeland i Opilio AS, og er oppgitt over at Nærings- og fiskeridepartementet ikkje har avklart kva for reglar som skal gjelde for snøkrabbe-fangsten. No planlegg han for at det i år igjen blir eit olympisk fiske, der det gjeld å fiske så mykje ein kan før den totale kvoten er tatt.

Arne Birkeland. (Foto: Privat).

-Vi må legge budsjett og vi har blant anna bestilt flybillettar til mannskapet. Vi må jo planlegge utifrå det vi har gjort tidlegare, men det er ein fortvila situasjon at vi ikkje veit kva vi skal forholde oss til, seier Birkeland.

Avgrensa deltaking

Bakrunnen for uvissa er at både næringa og styresmaktene har ønska å få betre rutinar for fangsten av snøkrabbe.

Fiskebåt har i fleire år krevd at snøkrabbefisket må lukkast og vist til at det ikkje er nok kvotar til alle fartøya som har snøkrabbeløyve. Til saman 69 fartøy har for tida slikt løye, og sjølv om langt færre nyttar seg av denne, takast kvota tidlegare og tidlegare kvart år. 16. mai 2022 sette Nærings- og fiskeridepartementet ein skjeringsdato for deltaking og slo fast at deltaking etter dette ikkje kan reknast med og leggast til grunn for ved ei eventuell lukking. Samtidig ba departementet om ei utgreiing frå Fiskeridirektoratet. I slutten av juni i år kom eit forslag på høyring om ei lukking av snøkrabbefisket. Fristen for å svare var sett til 30. september og Fiskeridirektoratet kom med si innstilling til departementet 26. oktober. Departementet har enno ikkje tatt ei avgjerd om deltaking i fisket for 2024.

Jobbar på spreng for å bli klare

På Kvaløya utfor Tromsø er ti personar i full sving med å klargjere Sødig for krabbetur i januar.

- Vi har lossa 3300 teiner berre i dag. I går tok vi om bord 100 000 meter med tau på tromlane. Mannskapet har stått på frå sju om morgonen til ni om kvelden dei siste par vekene for å gjere alt klart, fortel Andreas Hansen i Asbjørn Selsbane AS.

Bygd for snøkrabbe

Båten Stødig blei levert i vår og er bygd for å drive med snøkrabbbefangst i kombinasjon med fiskeri og reke.

Andreas Hansen i Asbjørn Selsbane AS viser fram isplogen som trengs når dei skal operere i islagte farvatn. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

-Heile båten er bygd med tanke på at vi skal drive med snøkrabbe. Vi har investert mellom 40 og 50 millionar, og vi har nok brukt rundt tre millionar kroner berre på denne siste klargjeringa, seier Hansen.

Dei har ikkje drive med snøkrabbe tidlegare og er blant dei «nye» fartøya som no har planlagt å ta del i fangsten.

-Eg er ikkje så veldig uroa, for vi har jobba med dette i lang tid og har hatt god kontakt med Fiskeridirektoratet heile tida. Når det er sagt, så er det eit psykisk press både for reiarlaget, men ikkje minst for mannskapet at vi ikkje veit kva vi skal forholde oss til om berre to veker. Departementet har hatt god tid til å få dette på plass, så det burde vore unødvendig å skape så mykje usikkerheit så tett opp mot sesongstart, seier Hansen.

Fiskebåt har bedt om avklaring lenge

Avdelingsleiar i Fiskebåt, Tor Are Vaskinn, seier han har stor forståing for frustrasjonen i flåten.

- Vi har masa og purra på departementet over lang tid og bedt om ei avklaring, men ikkje fått det. Krabbesesongen startar 1. januar, så det er ikkje haldbart at flåten to veker før sesongstart ikkje veit kva dei skal forholde seg til, seier Vaskinn.

Nyheter