This is some text inside of a div block.

Fisket etter snøkrabbe har så langt i år har vore bra med ein fangst på 8 571 tonn, og 3 765 tonn som står igjen av årets kvote.

Til saman er det 4 585 tonn som er landa ombordfryst og 3 069 tonn som er landa levande.

Det er 24 av 30 fartøy som har starta fisket og av desse er det to fartøy som har fiska mindre enn 100 tonn og åtte som er ferdige med si kvote.

Fiskebåt hadde eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet i slutten av januar for å få enda kravet om at alle fartøy må levere ein eigen kvote (82 tonn) levande.

- Vi har også følgt opp dette mot departementet, men det er lite truleg at det vil være mogleg å få til ei endring for 2026, sidan så mykje av kvota allereie er tatt, seier avdelingsleiar Tor Are Vaskinn i Fiskebåt.

Les også;

Feil omregningsfaktor i snøkrabbefisket

Foreslår økning i snøkrabbekvoten

Fiskebåt advarer mot mer levende krabbe

Nyheter