This is some text inside of a div block.
Fiskebåt har levert inn sine merknader til høyringa om korleis skattlegginga bør vere.
I høyringssvaret har Fiskebåt særleg kommentert formuesskatten og skattekommisjonen si tilråding om å utgreie om fiskeritillatingar i større grad bør inngå i formuesgrunnlaget. Fiskebåt meiner prinsipalt at formuesskatten må avviklast, og peikar mellom anna på konsekvensane eigarbeskatninga kan ha for kapitaloppbygging, investeringar, generasjonsskifte og langsiktig norsk eigarskap i fiskerinæringa.
Høyringssvaret omtalar også verdsetjing av fiskeritillatingar, grunnrenteskatt og CO?-avgift for fiskeflåten.
Du kan lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt her.
