This is some text inside of a div block.

- Det vil vere mogleg å auke lønsemda i fiskeria gjennom ei kraftig effektivisering av fiskeflåten med sikte på maksimal avkasting, men ei slik utvikling er ikkje ønskeleg, skriv Fiskebåt i høyringssvaret til regjeringa i samband med rapporten frå Skatteutvalet.

Rapporten frå det regjeringsoppnevnte skatteutvalet blei lagt fram 19. desember i 2022 og sendt på høyring same dag. Skatteutvalet peikar blant anna på at den potensielle grunnrenta i fiskerinæringa er avgrensa av eit omfattande reguleringsregime. Her er det snakk om avgrensingar i korleis fartøya kan utformast, strukturering av kvoter, fråver av fleksible kvoteordningar, kvotesystemet og pliktsystemet.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) mottok NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem frå utvalsleiar Ragnar Torvik i Oslo 19. desember 2022. Foto: Kenneth Hætta/Finansdepartementet.



Alt dette kan endrast på, men i høyringssvaret viser Fiskebåt til at heller ikkje næringa ønskar ei slik effektivisering og sentralisering av næringa. Samtidig meiner Fiskebåt at det er positivt at det blir tatt ein heilskapleg gjennomgang av det norske skattesystemet.

I høyringssvaret frå Fiskebåt blir følgande forslag kommentert;

- Skattlegging av grunnrenta i fiskeria
- Verdsettinga av fisketillatelser
- Fjerning av særfradrag
- Auka CO2-avgifter
- Avvikling av NOx-fondet
- Arveavgift
- Formuesskatten

Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.

Skatteutvalet meiner at grunnrenteskatt på fiskeria bør utgreiast med sikte på å innføre ein slik skatt så snart som mogleg. Utvalet viser til ein rapport frå SSB som viser at grunnrenta i fiskerinæringa har gått frå å vere klart negativ over mange år, til å bli positiv dei siste 10-15 åra.

Fiskebåt sluttar seg til at det enkelte år har vore ei positiv grunnrente i fiskeflåten, men meiner at utvalet bommar litt på grunnlaget.

- Vi meiner blant anna at berekninga må ta utgangspunkt i faktiske lønskostnader i fiskeflåten, og ikkje basere seg på industriarbeidarløn. Vi meiner dessutan at reknestykket blir påverka av at det blir brukt eit for lavt anslag på kapitalinnsatsen i næringa, skriv Fiskebåt i høyringa.

Svak krone

Fiskebåt peikar også på at det meste av den positive grunnrenta i fiske og fangst dei siste åra i stor grad kan tilskrivast ei kraftig svekking av krona. Rapporten nevner heller ikkje at fiskeflåten allereie betalar skatt på «grunnrenta», sjølv i periodar der den er negativ. Dette skjer gjennom fleire av dei lovpålagte avgiftene som fiskeflåten betalar, som fiskeriforskingsavgift, kontrollavgift, FOU-avgift og avgift på viltlevande marine ressursar. I sum dreier dette seg om rundt 600 millionar kroner i ekstra avgifter kvart år.

Skatteutvalet tar også for seg CO2-avgifter og meiner at prising av klimagassutslepp bør vere det sentrale verkemiddelet for å oppnå klimamåla. Norske klimaavgifter er planlagt å vere høgare enn det som vil gi ein global kostnadseffektiv klimapolitikk.

Klimapolitikk

Fiskebåt er svær uroleg over at dagens klimapolitikk fører til ei forskjelsbehandling mellom sektorar.

- Dei som hamnar i kvotepliktig sektor får same CO2-prising som sine viktigaste konkurrentar i EØS-området, medan konkurranseutsette næringar i ikkje-kvotepliktigsektor i Norge vil stå overfor en langt høgare CO2-prising enn våre utanlandske konkurrentar. Dette
gjeld blant anna fiskeflåten. Dette er ikkje ein berekraftig situasjon for norsk fiskerinæring, og vil føre til auka landingar i utlandet og bortfall av enkelte fiskeri, og redusert verdiskaping, skriv Fiskebåt i høyringssvaret.

Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.

Nyheter