This is some text inside of a div block.

Jørn Prangerød frå Fiskebåt har vore ein del av den norske delegasjonen som var med Kronprins Haakon til Japan denne veka. For Fiskebåt har målet vore å bygge relasjonar med japanske fiskeriorganisasjonar, og arbeide for ein frihandelsavtale mellom Japan og Norge.

Både EU og Storbritannia har inngått frihandelsavtalar med Japan. Det gjer at fisk og anna sjømat frå desse landa har null-toll ved eksport til Japan.

- For oss er det viktig å få fram at makrell frå EU eller Storbritannia er fiska i det same farvatnet som norske båtar, men dei har null toll. Norsk fryst makrellfillet får derimot 10 prosent påslag inn til Japan. Konkurransemessig er ikkje dette berekraftig, og norske fiskarar risikerer å tape marknadsdelar i det som er vår aller viktigaste marknad for makrell, seier Prangerød.

Norsk makrell er dyrare i japanske supermarknader som følge av manglande handelsavtale. Foto: Jørn Prangerød/Fiskebåt.

For Fiskebåt var det også viktig å bygge relasjonar med våre japanske søsterorganisasjonar, og bidra til at vi kan kome nærare ein mogleg frihandelsavtale mellom Norge og Japan.

Stor norsk delegasjon

Prangerød representerte også Norges Fiskarlag på turen til Japan. I tillegg til kronprinsen deltok blant andre statsrådane Karianne Tung og Marianne Sivertsen Næss, i tillegg til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Ragnhild Sjoner Syrstad, som representerte det offisielle Norge.

Den norske sjømatdelegasjonen har i tillegg til Jørn Prangerød frå Fiskebåt bestått av Line Ellingsen, styreleiar i Sjømat Norge, Olav Holst Dyrnes, styreleiar i Norges Sjømatråd, Christian Chramer, adm.dir i Sjømatrådet, samt Kristin Alnes og Ole Fretheim frå Sjømat Norge. Audun Iversen frå Nofima var også med blant anna for å halde innlegg om eit pågåande forskingsprosjekt om kva norsk sjømat betyr for verdiskapinga i japansk fiskeindustri.

Avtroppande sjømatutsending til Japan Johan Kvalheim, og påtroppande utsending Jan Eirik Johnsen, la til rette for den norske delegasjonen.

Viktig å styrke relasjonane

For norske styresmakter er det viktig å styrke relasjonane mellom Norge og Japan i ei tid med aukande uro og usikkerheit rundt om i verda.

- Krig i Ukraina og Midt-Austen, i tillegg til ein president i USA som for første gong etter murens fall bygger ned opparbeida handelsregimer, og ei regelstyrt verd slik vi kjenner det gjennom dei siste 30 åra etter Berlinmurens fall, har ført til at mykje er usikkert. Vi er nok ikkje i mål enno med samtalane med Japan, men truleg er vi nokre steg nærare ein handelsavtale, seier Prangerød.

Jørn Prangerød med norsk makrell i Japan. Foto: Fiskebåt.

Han viser til at med mykje uro i verda, er det enda viktigare at små og mellomstore land står saman i forsvaret om ein regelstyrt verdshandel.

- Viss vi ikkje passar på, så risikerer vil å kome i skvis mellom stormakter som vil sette premissane, seier Prangerød.

Tre besøk på tre år

Besøket var tredje gang på tre og eit halvt år at norsk fiskerinæring møtte våre japanske kollegaer. Audun Maråk følgte saman med Kåre Heggebø, statsminister Jonas Gahr Støre og dåverande næringsminister Jan Christian Vestre, då dei besøkte Japan vinteren 2023, Nina Rasmussen og Jørn Prangerød (Den gang dagleg leiar i Biomarint forum) var med Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss sommaren 2024. I tillegg har LO og sjømannsorganisasjonane vore på besøk hos sine japanske søsterorganisasjonar.

Klikk på videoen under for å sjå fleire bilde frå Japan-turen.

Programmet dag for dag:

Mandag:

Besøk på den verdsberømte fiskemarknaden i Tokyo, etterfølgt av møte i kystbyen Choshi, der delegasjonen var invitert av JF (National Federation of Fisheries) og JFA (Japan Fisheries Assocation).

Dei japanske organisasjonane var særleg opptatt av korleis Norge har klart å bygge livskraftige kystsamfunn og rekruttere nye fiskarar. Jørn Prangerød gjorde greie for korleis ein i Norge starta med strukturering i havfiskeflåten allereie på 1970 og 80-talet, medan kystflåten følgte etter utover på 1990-talet. Og vidare korleis dette har lagt grunnlaget for ein subsidiefri og lønsam moderne fiskeflåte, som er populær å jobbe i, har ført til gode arbeids- og lønsforhold for mannskapet.

Tysdag:

Sushi lunsj for Kronprinsen og fiskeriministeren på Sushiro i Tokyo, som er ei rimeleg prisa  "fastfood-kjede" for sjømat. Her var det makrell nigiri på menyen, sjølvsagt med norsk makrell.

Den norske sjømatdelegasjonen besøkte også fleire supermarknader denne dagen, der dei fekk oppleve korleis norsk fisk var godt plassert og representert i ferskvarehyllene.

Den norske fiskeriministeren møtte også den japanske næringsministeren og den nyvalte japanske statsministeren, Sanae Takaichi.

På kvelden inviterte den norske ambassaden til ei mottaking der både kronprins Haakon og den japanske keiserinna, i rosande ordelag framheva det norsk-japanske fellesskapet.

Onsdag:

Line Ellingsen og Olav Holst-Dyrnes var sjømatnæringa sine representantar i ein rundebordskonferanse med norske og japanske styresmakter. Her blei også verdien av ein frihandelsavtale mellom Norge og Japan trekt fram.

Det blei også delt ut prisar til japanske butikkjeder og industri, for deira arbeid for å fremme av norsk makrell i Japan. På ettermiddagen var det eit større sjømatseminar med 400-500 deltakarar om både norsk akvakultur og villfisk. Seminaret blei avslutta med sjømatbuffet og nye talar frå fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Nyheter