Denne veka starta det årlege toktet i Norskehavet for å kartlegge, makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr og havmiljø.
Toktet foregår med dei to leigefartøya «Eros» og «Vendla som la ut frå Bergen 29. juni med dei norske havforskarane om bord, skriv Havforskingsinstituttet på si heimeside. I tillegg til dei to fartøya deltar også fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).
Mest spenning knytt til makrellen
Forskarane skal i meir enn fem veker kartlegge eit område på ca. 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren, og det er knytt stor spenning til kor mykje makrell dei vil observere. Etter siste tokt kom forskarane fram til at bestanden var under kritisk nivå.
Dramatisk nedgang
Ifølge forskarane har makrellbestanden hatt ein dramatisk nedgang det siste ti-året. I 2014 var gytebestanden til makrell rekna til å vere nesten 13 millionar tonn. I 2024 var bestanden på 2,7 millionar tonn.
For inneverande år var forskarane sitt råd at det ikkje burde fiskast meir enn 174 357, som er det lågaste kvoterådet i moderne tid.
Les også:
Kvoteråd for pelagiske artar: Makrellbestanden er under kritisk nivå
Ikkje berre makrell
Toktet som pågår i Norskehavet er ikkje berre på utkik etter makrell, men skal også observere og registrere andre artar som norsk vårgytande sild og kolmule. I tillegg skal dei kartlegge sjøpattedyr og gjennomføre omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.
Toktet held fram til 26. juli. Deretter vil forskarane utarbeide ein rapport som vil ligge til grunn for neste års kvoteråd.
Havforskingsinstituttet kjem til å legge ut uformelle rapportar om kva dei observerer undervegs. Dette kan lesast på Havforskingsinstituttet si heimeside.
Les også;
- Vitenskapelig grunnlag for å fravike forskernes kvoteråd for makrell
Kvoterådet for makrell: Beste kunnskap – eller vitenskap i blinde?
Foreslår dramatisk makrellkutt
