This is some text inside of a div block.

Enten du er på reise eller ny sommaren heime, så kan ein god podcast på øyret både gi innsikt og vere underhaldande. Prøv ut Fiskebåt sin "Åpen båt".

I mai lanserte Fiskebåt sin nye podcast, "Åpen båt", som du kan høyre her.

Målet er å vere aktuelle, men også trekke dei lange linjene. Dei to første episodane handlar om Norge sitt forhold til EU. Dette spørsmålet kjem vi garantert tilbake til i seinare episodar. Ikkje minst som følgje av Island si folkerøysting 29. august om dei skal gjenoppta sine forhandlingar om medlemskap eller ikkje. Endar det med eit Islandsk EU-medlemskap, vil det også få innverknad på den norske fiskeripolitikken.

Den tredje episoda er ein "livereportasje" frå linefartøyet Geir, der fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss og vinnarane av The National Fish & Chip Awards i Storbritannia var med for å få auka innsikt i norsk fiskeri og filetproduksjon.  

Etter sommarferien startar vi med å ta pulsen på Arendalsuka, som er ein viktig politisk arena. Utover hausten skal vi blant anna om bord i fleire av Fiskebåt sine medlemsfartøy for å høyre kva medlemmane våre er opptatt av, men også få fram dei gode historiene om kvifor vi er her vi er i dag. Dei som driv fiskebåtane i dag er gjerne andre til fjerde generasjon, og reiaralga har såleis vore gjennom omfattande endringar og utvikling som vi gjerne vil høyre meir om.

For at det skal bli lettare for lyttarane å navigere, er "Åpen båt" delt inn i tre kategoriar - "Aktuelt", "Live" og "Historier". Frekvensen mellom dei tre vil variere, men vil jamne set ut over tid.

Vi har mange gode idear om interessant stoff som vi vil fortelle om, men tar gjerne i mot tips om tema eller personar som har noko som kan skape allmenn interesse. Send i så fall eit tips til odd-kristian@fiskebat.no.


Les også;

"Åpen båt" - ei ny stemme frå norsk fiskerinæring

Ny podcast opnar med EU-debatt

Nyheter