Fiskeridirektoratet rapporterer om fleire uhell med sprenging av trål og neddreping av kolmule i fisket som no på pågår vest for Irland.
Store deler av den norske kolmuleflåten og nokre russiske trålarar fiskar no etter kolmule vest for Irland.
- Både Kystvakta og Fiskeridirektoratet si Sjøteneste er på kolmulefelta og har observert minst tre hendingar i det siste der trålen er blitt sprengt. Dette medfører at store mengder kolmule blir neddrept til ingen nytte, og fører også til eit økonomisk tap for fiskebåtreiaren ved at fangsten går tapt og trålen vert øydelagt, skriv Fiskeridirektoratet på si heimeside.
Avdelingsdirektør Rolf Harald Jensen i Fiskeridirektoratet si Sjøteneste, seier at dei i tillegg til eigne observasjonar også får tilbakemeldingar frå fiskeflåten som opplyser at det har vore ein krevjande sesong.
Utfordringane i årets sesong med store fangster som medfører risiko for uhell skjer til tross for at Fiskeridirektoratet i starten av sesongen lanserte eit sett med beste praksis for fiske etter kolmule.
Den beste praksis-settet er utarbeidt i samarbeid med fiskerinæringa og forsking, og målet er å redusere uhell og tap av fangstar. Dette er også tidlegare omtalt på fiskebat.no.
Les også;
Styrket sikkerhet og mer effektivt kolmulefiske
