This is some text inside of a div block.

Havforskingsinstituttet legg ut daglege oppdateringar på loddegytetoktet som no pågår i Barentshavet. Du kan følge toktet direkte på instituttet si nettside.

26. februar starta årets loddegytetokt. Då la fiskefartøyet Vendla ut frå Tromsø. I dag (onsdag 8. mars) melder havforskarane at registreringane av lodde har avtatt når dei nærmar seg Vardø, og at det er lite lodde inne ved kysten i dette området. Forskarane rapporterer at det framleis er registreringar i ytre del av dekningsområdet, og data frå sonaren viser at det i hovudsak er eit vestleg sig på lodda.

Toktet dekker innsiget av modnande lodde mot gytefelta, og dette er femte året på rad at toktet blir gjennomført, skriv Havforskingsinstituttet.

I år er det ein forenkla variant med ei enkelt dekning over gyteinnsigsområdet langs kysten frå Tromsø til Kirkenes. Det er Sildelaget som i år finansierer fartøyleie basert på inntrekte midlar.

Som i fjor er fiskeriet ope medan toktet blir gjennomført. Forskarane følger difor også med på rapportane som kjem inn frå loddefiskarane.

Hovudformålet med toktserien er å finne ut om overvaking av gyteinnsiget kan brukast i kvoterådgivinga på lodde. Resultatet frå dei fire første årene blei nyleg lagt fram under metoderevisjonsmøtet for barentshavslodde i ICES-regi. Rapporten derifrå er venta om kort tid.

Nyheter
No items found.