This is some text inside of a div block.

Fiskeridirektoratet vil ikkje gi dispensasjon for ei samla henting av snøkrabbeteiner. På grunn av isforholda er det mellom 30 og 40 teinelenker som ikkje er tatt opp etter at krabbefangsten er avslutta.

Fiskebåt sende før påske eit brev til direktoratet der det blei bedt om at ein kunne samordne eit eller to fartøy til å ta opp alle dei uteståande teinene. Dette for at alle fartøya skulle sleppe å ta turen for å hente teinene. All fangst som er i teinene vil uansett bli slept fri.

Direktoratet har sagt nei til dette, og meiner at det er kvart fartøy sitt ansvar å ta opp eigne teiner. Fiskeridirektoratet ser difor ikkje at det er noko grunnlag for å gi dispensasjon frå gjeldande forskrifter.

Fiskebåt ser det som viktig at teinene blir tatt opp med det første, då dei ligg i eit område der reketrålflåten snart skal inn.

Les også;

Store isproblemer i avslutningen av snøkrabbefisket

Nyheter
No items found.