This is some text inside of a div block.

Biomassen av fiskeriressursar i havet er nær halvvert sidan 2013. 

Det kjem fram i den nye Ressursoversikta som Havforskingsinstituttet (HI) ved forskingsdirektør Geir Huse, lanserte i Tromsø torsdag.

Tysdag 9. februar kjem Geir Huse til Fiskebåt sitt årsmøte for å snakke meir om forholda i havet.

– 2013 var eit toppår. Sidan den gong har den samla biomassen i havet – altså summen av alle fiskebestandane der det er biomassedata tilgjengeleg – gått nedover, seier forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet.

I 2013 var denne biomassen omtrent 35 millionar tonn. I 2025 er den omtrent 17 millionar tonn. 

– Det er det lågaste nivået vi har målt i heile tidsserien, sa Huse under framlegginga av ressursoversikta som skjedde på Kystens hus i Tromsø.

Rekrutteringstrøbbel

Ifølge forskarane viser ressursoversikta nedgang i rekruttering hos fleire av dei kommersielt viktigaste bestandane våre, noko som også har vorte spegla i kvoteråda dei siste åra.

For nordaustarktisk torsk – også kjend som skrei – har det gått nedover sidan toppåret 2013. No er gytebestanden mellom føre-var-nivået og kritisk nivå.

– Dette kjem først og fremst som følgje av svikt i rekrutteringa, som og vidare at det er for lite ungfisk som veks opp. Dei siste åra har det også vorte fiska meir skrei enn tilrådd, seier Huse.

Skreikvoten som Noreg og Russland vart einige om i fiskeriavtalen i desember, er den lågaste sidan 1991. Endeleg kvote låg over HI sitt kvoteråd for bestanden. Endå det er venta ein svak oppgang i bestanden i dei næraste åra, vil skreien framleis vere på eit lågt nivå, historisk sett, ifølge Huse. 

Dramatisk for makrellen

Sidan år 2000 har det også gått nedover for pelagisk fisk og for makrellen er det no kritisk, ifølge Huse.

Gytebestanden har gått frå nesten 13 millionar tonn i 2014 til 2,7 millionar tonn i 2025.

Når gytebestanden kjem under tre millionar tonn, forventar havforskarane at makrellen får redusert evne til å lage sterke, nye årsklassar.

Du kan lese meir om ressurssituasjonen på HI si nettside.

Klima er ei av årsakene

Ifølge forskarane er klimaendringane noko av årsaka.

- Vi har lenge trudd at varmare hav ville ha ein positiv effekt på fisken, men det viser seg at det ikkje er slik. Blant anna er det mindre dyreplankton i havet. Desse er mat for fleire av dei pelagiske artane, seier Huse.

Likevel ting ein kan gjere

Ifølge forskarane er ikkje alt håp ute, og der er tiltak ein kan gjere i forvaltninga.

- Til dømes kan ein heve minstemålet for kor liten fisk ein kan ta ut. Dette vil føre til at ein tar ut like mykje biomasse, men med færre individ. I tillegg er det ei utfordring at landa ikkje følgjer våre råd fullt ut, og dermed set kvotene høgare enn det forskarane tilrår, seier Huse.

Nyheter