This is some text inside of a div block.

Ein direktesendt EU-debatt mellom Trond Giske og Rasmus Hansson markerer starten på Fiskebåt si podcast-satsing  - "Åpen båt".

Første podcast går direkte frå konferansen The Next Wave på Giske, torsdag 7. mai.

- Vi skal vere aktuelle, men også trekke dei lange linjene. Då er det naturleg å starte med noko av det mest betente i norsk politikk - nemleg EU-debatten, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Han skal sjølv leie debatten på The Next Wave, mellom Trond Giske, fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, og Rasmus Hansson, nestleiar i Europabevegelsen.

EU og fiskeri
Fiskeripolitikken sto sentralt då Norge sa nei til EU-medlemskap i 1994. Deretter er det mykje som har endra seg innan fiskerinæringa, både i Norge og EU. I tillegg skal Island 29. august gjennomføre ei folkerøysting, der dei skal ta stilling til om dei skal ta opp att forhandlingane om EU-medlemskap.

- EU-debatten er i ferd med å livne opp att i samfunnet, og vi set stor pris på at vi kan starte vår podcastsatsing på The Next Wave, med eit så aktuelt tema. Det er ein innovativ fiskerikonferanse som i år feirar 10-års-jubileum, seier Dahle.

Variert innhald
Podcasten vil også ha mykje å by på for dei som ikkje er så interesserte i politikk. Gjennom samtalar med fiskarar og andre aktørar skal lyttarane få innblikk i korleis livet er på havet, der fiskarar får fortelle om sine kvardagar og opplevingar. "Åpen båt" har også som mål å løfte fram problemstillingar som er aktuelle og interessante for folk som ikkje har noko tilknyting til fiskerinæringa.

For at det skal bli lettare for lyttarane å navigere, vil podcasten bli delt inn i tre kategoriar - "Aktuelt", "Live" og "Historier".

- Frekvensen mellom dei tre kategoriane vil nok variere, men etter kvart bør det vere nok og variert stoff til å kunne engasjere breidt. Skal denne satsinga lukkast treng vi hjelp frå dei som høyrer på, med å sende oss tips og innspel til tema som er relevante å ta opp, seier Susanne Giske som er medprodusent for podcast-satsinga.

Alle episodar vil vere tilgjengelege på ei eiga landingsside på fiskebat.no. I tillegg vil dei vere å finne på Spotify og andre plattformar for podcastar.

Nyheter