This is some text inside of a div block.

Havforskingsinstituttet (HI) tilrår at totalfangsten av snøkrabbe på norsk sokkel ikkje bør overstige 12 336 tonn i 2026. - Skuffande, meiner Fiskebåt.

Ifølge forskarane er bestanden framleis i god forfatning, og har stabilisert seg på eit høgare nivå. Likevel vel forskarane å legge seg på same kvoteråd som for 2025.

- Kvoterådet frå forskarane er skuffande. Fiskebåt har hatt inntrykk av at utbreiinga av krabben har auka arealmessig, og det av tette fangstbare forekomstar. Utan kvoteauke, blir det enda vansklegare å kome i mål med eit fornuftig reguleringsopplegg for flåten, seier avdelingsleiar Tor Are Vaskinn i Fiskebåt.

Kvota på snøkrabbe blir fanga i løpet av vårhalvåret, som også er den perioda krabbene har best kvalitet.

Havforskarane tilrår ogsåat at fredningsperioda frå 1. juli til 31. desember også blir opprettholdt i 2026.

Når snøkrabba har skiftet skal, blir den sårbar for skadar og handtering. Fredninga reduserer risiko for skadar frå fangsten, og reduserer sortering og utkast, noko som kan redusere dødeligheit blant krabbene.

Endeleg snøkrabbekvote for 2026 blir fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet i løpet av hausten 2025.

Les meir om kvoterådet for snøkrabbe på Havforskingsinstituttet si heimeside.

Nyheter